Vårens vakraste eventyr?

Ja, vår og vår..eg veit ikkje kva eg skal kalla det som møtte meg utfor døra i dag?
At vi snart er midtvegs i april og snøen lavar ned er vel ikkje akkurat eit teikn på at våren og sumaren kjem tidleg i år?
Sjølv om vi har vore velsigna med mykje godt vêr dei siste vekene har det jammen vore kaldt også.
Den siste veka har vi vakna til -10 grader både tre og fire morgonar.
Men eventyret på garden tek ikkje hensyn til vêr og føre.
Her er lemminga såvidt i gong.

Anna var med på første fødsel, og spenninga var til å ta og kjenne på!

Anna var med på første fødsel, og spenninga var til å ta og kjenne på!

To store, fine lam vart resultatet.

To store, fine lam vart resultatet.

…og så kom der eitt lam fredags morgon.
Så då ventar vi framleis på dei resterande 58 som skal lamme!
Litt plassproblem kan vi kome til å få, men det er vel meir ei utfordring, er det ikkje?
Satsar på mykje sol og varme framover – då er problemet løyst, for ute er det godt å vere for liten og stor 🙂

Dagsventande, kan vi vel kalle desse for etterkvart!

Dagsventande, kan vi vel kalle desse for etterkvart!

..og eit lite glimt frå hønsehuset.

..og eit lite glimt frå hønsehuset.

Legg att eit livsteikn

Fill in your details below or click an icon to log in:

WordPress.com logo

Du kommenterer no med WordPress.com-kontoen din. Logg ut /  Endre )

Google photo

Du kommenterer no med Google-kontoen din. Logg ut /  Endre )

Twitter-bilde

Du kommenterer no med Twitter-kontoen din. Logg ut /  Endre )

Facebook-foto

Du kommenterer no med Facebook-kontoen din. Logg ut /  Endre )

Koplar til %s