Kva har våren gått i?

Varme klede, luer på,
hanskar, vottar, skjerfet óg!

Ja, våren bestod forsåvidt av det dei første vekene. Men no var det ikkje akkurat det eg tenkte på då eg skreiv overskrifta. For ein kunne ha skrive mangt om nettopp den seine våren. Som kom godt når den først kom.Vårens vakraste eventyr lot ikkje vente på seg, sjølv om temperaturane var stabilt låge, og graset var stabilt lågt.
Og med eventyret kjem også arbeidet her til gards.
Lamma skulle jo først og framst ut i dagsljos, deretter skulle dei få råmjølk (som er særs viktig for å få opp immunforsvaret slik at dei klarar seg best mogleg), vegast (slik at vi har ei viss oversikt over korleis vekst/eventuell ikkje vekst ser ut), merkast, på beite, osb.

Fine, nysgjerrige lam. Inga peiling på kva som ventar dei ute på dei store beitene om litt (lenge)...

Fine, nysgjerrige lam.
Inga peiling på kva som ventar dei ute på dei store beitene om litt (lenge)…

Trangt om plassen vart det også etterkvart som tida gjekk og beita ikkje vart grøne...

Trangt om plassen vart det også etterkvart som tida gjekk og beita ikkje vart grøne…

Når vi merker lamma er dei vanlegvis ein dag eller to gamle. Vi har til no pleid å vege lamma samtidig som vi merkar dei. Då vert alt nøye notert ned, og etterkvart ført inn i Sauekontrollen (som vi er medlem av, og særs nøgde med!). Lamma får eitt merke i kvart øyre, der det i venstre øyra er eit elektronisk merke, og det andre er eit Combi Mini-merke. Begge merka er mørkeblå, og på merka står individnummeret til dyret, namnet på eigar (B.Fjelltveit) samt telefonnummer.

Dersom du nokon gong skulle ramle over ein sau eller eit lam ute i den store, vide verda, og du ikkje veit kvar lammet høyrer heime? Dagens tips: Les på øyremerket, der står vanlegvis all naudsynt informasjon!

Elektroniske merker ser altså slik ut.

Elektroniske merker ser altså slik ut.

Combi Mini-merka ser slik ut.

Combi Mini-merka ser slik ut.

Slik ser ei merketang ut. Ja, dette er mest som å ta hol i øyra.

Slik ser ei merketang ut.
Ja, dette er mest som å ta hol i øyra.

Jod må ein ha når ein skal merke dyr! Vi sprayar jod på øyremerka for å vere sikker på at dyra ikkje skal få infeksjonar i "såret" i etterkant.Jod må ein ha når ein skal merke dyr!
Vi sprayar jod på øyremerka for å vere sikker på at dyra ikkje skal få infeksjonar i «såret» i etterkant.

Og dette er korga som lamma vert vegde i.

Og dette er korga som lamma vert vegde i.

Vekta er ei billig bagasjevekt kjøpt på Biltema, men «går opp til» 40 kg.
Til no har vi enno ikkje opplevd at nyfødde lam veg såpass…(vonar vi aldri kjem til å oppleve det)!

Ja, og slik gjekk våren.
Per dags dato er 163 dyr, store og små, på vårbeite her heime.
Fjellbeite ventar 140-150 av dei om eit par dagar, og resten (som har hatt jurbetennelse, skjedeframfall, leddbetennelse, mista mor si, m.m.) vert verande her i sommar. Det er jo greitt med «plenklipparar» som er miljøvenlege også!

I mellomtida får vi sjå om sauefjøset vert ferdig bygd.
Planen er å få plass til omlag 90 vinterfôra sauer i haust.
Så får ein sjå om det går….

Til slutt eit bilete frå vårbeiteslepp!  Litt usikker på kva som møtte dei, men jammen likte dei det!

Til slutt eit bilete frå vårbeiteslepp!
Litt usikker på kva som møtte dei, men jammen likte dei det!

Legg att eit livsteikn

Fill in your details below or click an icon to log in:

WordPress.com logo

Du kommenterer no med WordPress.com-kontoen din. Logg ut /  Endre )

Google photo

Du kommenterer no med Google-kontoen din. Logg ut /  Endre )

Twitter-bilde

Du kommenterer no med Twitter-kontoen din. Logg ut /  Endre )

Facebook-foto

Du kommenterer no med Facebook-kontoen din. Logg ut /  Endre )

Koplar til %s