Materialer til fjøset

Vi er såvidt i gong med «grunnarbeid» til nytt sauefjøs.
Heldigvis er vi så heldige at det meste av grunnarbeidet var ferdig for mange år sidan, men litt forskaling, støyping og graving må til trass dette.I fjor vinter tok vi ut mykje tømmer frå skogen, og litt lenger inni dalen har vi den lokale Sagføraren med eige sagbruk, så vegen var kort frå tømmer til material.
To-toms, seks-toms, fir-toms. Ja, her er toms for det meste.
Ein del arbeid er lagt ned i det, men så har vi til gjengjeld fått skore material til reisverk til heile sauefjøset, og truleg meir enn det. Rimelegare enn dette kjem vi ikkje ifrå det!

Noko av tømmeret som vart tatt ut i vinter.

Noko av tømmeret som vart tatt ut i vinter.

Tømmeret vert lessa på hengarar og køyrd inn til sagbruket. Takk for lån av gravemaskin, Magnar...reknar med rekninga kjem ;)

Tømmeret vert lessa på hengarar og køyrd inn til sagbruket.
Takk for lån av gravemaskin, Magnar…reknar med rekninga kjem.

Sagførar Inge i aksjon.
Sagførar Inge i aksjon.

Tømmer vert til material.

Tømmer vert til material.

Ein særs nøgd Anders med deler av produksjonen. Her gjenstår det "berre" å lø materialen slik at den kan tørke, for deretter å verta brukt!

Ein særs nøgd Anders med deler av produksjonen.
Her gjenstår det «berre» å lø materialen slik at den kan tørke, for deretter å verta brukt!

 

No ligg alt til tørk, nøye sortert og lødd med stø imellom laga.
Om eit par veker er dei tørre og klare til bruk!

 

Legg att eit livsteikn

Fill in your details below or click an icon to log in:

WordPress.com logo

Du kommenterer no med WordPress.com-kontoen din. Logg ut /  Endre )

Google photo

Du kommenterer no med Google-kontoen din. Logg ut /  Endre )

Twitter-bilde

Du kommenterer no med Twitter-kontoen din. Logg ut /  Endre )

Facebook-foto

Du kommenterer no med Facebook-kontoen din. Logg ut /  Endre )

Koplar til %s