Slåtten i gong

Enno eg skraut på oss dårleg slåttevêr i går tok vi sjangsen på å starte på slåtten.
Skal vi verta ferdige til «håna» (2.slåtten, for dei uinnvidde) må vi få det i hus no.
Og eigentleg såg ikkje vêrprognosane så aller verst ut…i går… 😉

Slåttekarane i sving. Litt uvisst om dei sit i kvar sin traktor og preikar med einannan, eller om dei berre skiftar Vossakassar...

Slåttekarane i sving.
Litt uvisst om dei sit i kvar sin traktor og preikar med einannan, eller om dei berre skiftar Vossakassar…

Vi slår alt i to tårnsiloar som vi har på garden (4,5m brei x 8 meter høg), og med to rustne, gamle traktorar går det unna. Sjeldan noko å skru på, kun ei og anna fjøl som få skiftast på Vossakassane.
Ja, for vi slår i Vossakasso.
Den sorten har vi heile tre av.
Og med Same’n med tvillinghjul på, og Taarup fôrhaustaren ved sida, får vi stort sett inn det vi treng av fôr kvart år (og vel så det?).
Éin slår, og éin køyrer imellom.
I dag er det Arne som slår, og kårkallen som køyrer imellom.

Mor har stått for underhaldning og oppvarting av borna. No er dei i seng, og truleg søv dei om ikkje altfor lenge.
Då står valet mellom anten å slå plenen, eller å vaske golvet. Litt uvisst kva valet fell på…
(Svigermor kjem på vitjing i helga, så kanskje golvet burde vore prioritert? ;-))

Vi er godt nøgde med avlinga på fjorårets attlegg!

Vi er godt nøgde med avlinga på fjorårets attlegg!

 

Arne i sving...

Arne i sving…

 

No vert det fint rundt oss!

No vert det fint rundt oss!

 

Godt slåtteutstyr.

Godt slåtteutstyr.

 

Legg att eit livsteikn

Fill in your details below or click an icon to log in:

WordPress.com logo

Du kommenterer no med WordPress.com-kontoen din. Logg ut /  Endre )

Google photo

Du kommenterer no med Google-kontoen din. Logg ut /  Endre )

Twitter-bilde

Du kommenterer no med Twitter-kontoen din. Logg ut /  Endre )

Facebook-foto

Du kommenterer no med Facebook-kontoen din. Logg ut /  Endre )

Koplar til %s