Livet tar, og livet gir…

Her på garden har det for det meste gått i slått den siste veka. Yr.no og slått.Dei to høyrer liksom i lag..sjølv om dei ikkje alltid kjem så godt overeins!

Vi måtte til og med trå til og slå sundagskvelden.Det er ikkje ofte oppigjennom åra at vi har måtta gjere her til gards, men når eg ser ut vindauga i dag er eg glad vi fekk slått «sønste myra» i går kveld. Det var ein klok mann som ein gong sa følgjande:

«Det er betre å sitja på høylasset og tenkja på Gud, enn å sitja i kyrkja og tenkja på høylasset.»

No var det ikkje akkurat høy vi hadde i går, men ei god, vestlandsk myr er vel mykje likt å rekna som å få høyet i hus? 😉

Far slår, og mor køyrer i mellom.

Far slår, og mor køyrer i mellom.

Sikten ut bakruta..vel og merke tom Vossakasse.  På veg frå eine teigen til andre.

Sikten ut bakruta..vel og merke tom Vossakasse.
På veg frå eine teigen til andre.

Sikten framme....

Sikten framme….

Kanskje ikkje heilt etter boka denne transporten her, men der er jo sett visse krav til effektivisering i landbruket i dag. Vi følgjer sjølvsagt opp så godt det lar seg gjere…

Så nokon brattlendt terreng?

Sa nokon brattlendt terreng?

Hjå oss heiter det seg at vi slår både på «innsida» og «utsida». Som biletet delvis viser stemmer dette.
Tvillinghjul er noko vi er nøydd til å ha om vi skal kome oss utpå myrane som skal haustas, men ikkje minst er vi nøydde til å ha det på for å få det litt meir stabilt i bakkana.

Litt raud i kinna eter å ha køyrd imellom OG stått i siloen. Ja, her skal vi ha det så effektivt som mulig...

Litt raud i kinna etter å ha køyrd imellom OG stått i siloen.
Ja, her skal vi ha det så effektivt som mulig…

Enno har vi litt att å slå, og på vêret å døma får vi ikkje det i hus i dag.
Då får vi sjå om vi får slått eit lass og to, og får lagt press på siloen. Så får vi heller opna att til helga (dersom vêret vert betre?) og få inn siste rest.
Kanskje ikkje så dumt å gjera det på den måten…det har vorte rimeleg fullt i siloen allereie, så vi klødde oss i hovudet i går kveld då vi såg på den resterande mengden som skal innpå.

I dag har han Arne Marås vore her og tatt med seg den gamle mjølketanken som stod i mjølkerommet.
Det er nokre år sidan det har vore i bruk, så det var godt å få den vekk.

Siste heis...

Siste heis…

Skal nok finna noko å fylla veggplassen med, skal du sjå.

Skal nok finna noko å fylla veggplassen med, skal du sjå.

Vêret er surt og grått i dag.
Tiltakslausa kjem brått sigande då.
I tillegg fekk vi ei trist nyhende i dag morges om at heidersmannen Steinar Angelskår omkom i ei tragisk arbeidsulykke i går kveld. 26 år gamal. Glad i Jesus.
Ufatteleg at noko slikt kan skje.
Trist.
Vondt.
Ord kan ikkje skildra det godt nok.
Eg vart kjend med Steinar fyrste gong i 2004, og frå den dag og til no har mykje hendt på mange kantar.
Steinar vart glad i Jesus.
Han vart glad i Raknestunet.
Han vart glad i andre menneske.
Eg vart glad i Steinar.
Tenk at no er det han som er på fest i den himmelske leir.
Og vi som var glad i han, har hans fantastiske vitnesbyrd om eit evig liv i himmelen for oss som trur på Jesus, med oss.

Steinar i sine
(eller mine, kanskje?)
glansdagar på Raknestunet.
Verdas beste leirplass!

Livet tar, og Livet gir…
Nokre gonger på uforklarleg og ufatteleg vis.
Men vi kan faktisk få ha eit «håp om evig liv – det livet som Gud, han som ikkje lyg, har lova frå evige tider.» (Titus 1:2)

Det er på dagar som dette ein kan spør Gud kva han vil med dette?
Eg finn ikkje svar.
Men eg klamrar meg til håpet om himmelen.
Og om å få sjå Steinar att ein dag.

Til slutt i eit innhaldsrikt innlegg ein grå og trist måndag, kjem ein fantastisk song med ein frigjeranda bodskap.
Songen minner meg om Steinar.
Bodskapen var viktig for han.
Han trudde på det.
Han levde for det.
Eg óg vil – og skal!
Takk for deg, Steinar. Gler meg til å sjå deg att!

Ein tanke på “Livet tar, og livet gir…

Legg att eit livsteikn

Fill in your details below or click an icon to log in:

WordPress.com logo

Du kommenterer no med WordPress.com-kontoen din. Logg ut /  Endre )

Google photo

Du kommenterer no med Google-kontoen din. Logg ut /  Endre )

Twitter-bilde

Du kommenterer no med Twitter-kontoen din. Logg ut /  Endre )

Facebook-foto

Du kommenterer no med Facebook-kontoen din. Logg ut /  Endre )

Koplar til %s