Verar på ville vegar

Skulle nesten tru overskrifta var eit godt forsøk på bokstavrim…
Men det er det altså ikkje.
I dag var dagen då verane på merkeleg vis la all si vekt på gjerdet som skulle halde dei inne på beitet.
Og det gjekk jo som det måtte gå…

Rømningsvegen

Rømningsvegen

Eg sat inne og venta på at Martine skulle vakne frå middagskvilen sin då eg registrerte at verane ikkje var på beitet der eg sist såg dei. Ein ver på avvege er ikkje det kjekkaste eg veit, og særskild ikkje når eg er aleine heime. Det er ikkje like enkelt å få inn ein ver igjen på beite enn ein sau eller eitt lam.

Etter ein liten runde rundt fjøset for å observera litt spor og liknande endte eg opp uten resultat.
Tenkte å ta meg ein liten runde nedom fjøset (som står utan dyr for augneblinken) før eg tenkte å gå inn att, og då fekk eg meg ein god latter.
Verane ordna opp sjølve dei.

Dørene stod opne inn i sauefjøset, og det skulle vise seg å vere lurt i dag.

Dørene stod opne inn i sauefjøset, og det skulle vise seg å vere lurt i dag.

Jammen hadde dei kome seg inn sjølve.

Jammen hadde dei kome seg inn sjølve.

Så då var det bare for meg å stenge dørene etter dei.
No går dei så fint nede i fjøset og ventar på å bli sluppe ut igjen på nytt, friskt beite seinare i dag.
Enkel jobb med verar på ville vegar…vel og merke når vegane ikkje var fullt så ville som ein trudde 😉

Ein tanke på “Verar på ville vegar

Legg att eit livsteikn

Fill in your details below or click an icon to log in:

WordPress.com logo

Du kommenterer no med WordPress.com-kontoen din. Logg ut /  Endre )

Google photo

Du kommenterer no med Google-kontoen din. Logg ut /  Endre )

Twitter-bilde

Du kommenterer no med Twitter-kontoen din. Logg ut /  Endre )

Facebook-foto

Du kommenterer no med Facebook-kontoen din. Logg ut /  Endre )

Koplar til %s