Ferietider!

Ungane er allereie inne i si fjerde, og siste veke med sumarferie.
Vi har kosa oss både store og små, sjølv om pappa i huset først starta ferie denne veka.
Vi har vore over forventa heldige med vêret – det er ikkje til å stikke under ein stol at det er deilig med bare føter, plaskebasseng, fanging av stiklingar i elva, sumarmat og sumartid.

Heilnorske, usprøyta jordbær fra åkeren!

Heilnorske, usprøyta jordbær fra åkeren!

Vi har plukka jordbær i åkeren.
Det er like populært kvar dag, og til no har uttellinga vore god.

Har fått oss ei som er veeeeldig glad i sko...

Har fått oss ei som er veeeeldig glad i sko…

Og ei som liker å ta bilete av seg sjølv!

Og ei som liker å ta bilete av seg sjølv!

Torsdag i førre veke tok mor med seg barna og reiste til farmor og farfar.
Fredag kom pappa etter jobb, og i dag (tysdag) var gjengen vel heime att.
Ein kort, men særs god ferie i år! Mange kjekke folk, mykje kjekt å finna på.
Ekstra stor stas var det då vi skulle og sjå på det komande huset til tante Renate og onkel Kristian. Onkel har nemleg ein ordentleg Gråtass!
Det var mange om beinet, men ytterst få som turte å sitja på med han i fart…Anna og Anders sa noko om bråk 😉

Anna har testa onkel Kristian sin Gråtass.

Anna har testa onkel Kristian sin Gråtass.

Det har Anders også.

Det har Anders også.

Ei fin, lita jente med håret til værs!

Ei fin, lita jente med håret til værs!

I morgon er det Akvariet som står for tur, og her i huset gleder både store og små seg!
Framleis god ferie til dei av lesarane som veit kva slikt er 😉

 

 

 

 

 

Legg att eit livsteikn

Fill in your details below or click an icon to log in:

WordPress.com logo

Du kommenterer no med WordPress.com-kontoen din. Logg ut /  Endre )

Google photo

Du kommenterer no med Google-kontoen din. Logg ut /  Endre )

Twitter-bilde

Du kommenterer no med Twitter-kontoen din. Logg ut /  Endre )

Facebook-foto

Du kommenterer no med Facebook-kontoen din. Logg ut /  Endre )

Koplar til %s