#startenpånokonytt

Sauene treng nytt hus til hausten, og #startenpånokonytt (jf Instagram) har vore i gong ei stund allereie.
Nytt sauefjøs – moderne – tidsparande – effektiviserande – plass til fleire dyr.
Mykje kunne vore skrive om akkurat dette, og meir info kring bygget kjem etterkvart.
No kjem ei kort oppdatering på korleis byggeprosessen skrid fram:

Ein gjødselkjellar som har stått ei stund kan samle på litt av kvart.

Ein gjødselkjellar som har stått ei stund kan samle på litt av kvart.

No kan eg jo avsløre, for dei uinnvidde, at prosjektet vårt starta for mange, mange, altformange år sidan.
Då var det ikkje Arne og Bodhild sitt prosjekt, men Kari og Odd sitt.
Det var ikkje meininga at det skulle sauer inn i fjøset, men mjølkekyr.
For å gjera ei relativt lang historie kort, bygte Odd gjødselkjellar og siloar, laga veg til nyefjøset, mura, og var klar til å støype golv.
Dei åra byggeprosjektet var i gong her, var det også mykje som hende i samband med dei årlege Jordbruksavtalane. Dei var ikkje særelg til oppmuntring for ein mjølkebonde på denne kanten av Vestlandet.
Det var mykje lån knytt opp mot nybygget som var på veg opp, og då dette ikkje kunne forsvarast med inntekter på bruket vart prosjektet lagt på is.
Vemodig. Trist. Ikkje noko val.

Ti år har gått sidan dette, og gjødselkjellaren har også stått der desse åra…og nærast venta på å verta tatt i bruk.
Og så overtok vi. Her er vi.

Ei relativt billeg pumpe hjå Clas Ohlson gjer susen.

Ei relativt billeg pumpe hjå Clas Ohlson gjer susen.

200 liter i minuttet. Her renn det mykje igjennom.

200 liter i minuttet.
Her renn det mykje igjennom.

Bodhild har tømt gjødselkjellaren for rumpetroll, froskar, algar, skitt og vatn.
Deretter har det vorte vaska, forskala og armert klart til søyle. Og søyla i kjellaren har vorten støypt.

Den store søyla i gjødselkjellaren tek form.

Den store søyla i gjødselkjellaren tek form.

Gode hjelparar er kjekt å ha! Vi er heldige!

Gode hjelparar er kjekt å ha! Vi er heldige!

Mykje betong i ei søyle...

Mykje betong i ei søyle…

Bygget som skal opp er teikna til 170-180 vinterfôra sauer.
Vi byggjer eit uisolert fjøs, med ein kombinasjon av metall- og plastrister frå Reime.
I tillegg satsar vi på fôrkassar frå Reime, samt kraftfôrautomatar og innredning frå Knarrhult.

Detter er eit særs spanande prosjekt, og heldigvis har vi pappa/svigerfar Odd med i prosessen.
Han er ein såkalla «handyman», og seier sjeldan (og aldri) nei. Det er sjølvsagt vi takksame for!
Innovasjon Norge stiller både med tilskot til bygget, samt rentestøtte til prosjektet, og utan dette hadde vi kanskje aldri sett i gong?

I år har Arne og Odd ferie samstundes grunna bygginga.
Vi vonar å kome godt i gong desse vekene, men kan trygt vedkjenna at det er ei spanande tid vi er inne i.
Oppdateringar kjem truleg etterkvart som ting skrider fram.

2 tankar på “#startenpånokonytt

  1. Så spanande! Lykke til!
    Hugsar godt då me sjølve starta å bygge ny fjøs. Det er mykje arbeid, men så utruleg kjekt når ein er ferdig og spanande undervegs etterkvart som det tar form. Og så vert det så mykje trivelegare for dyra og for dei som skal stelle. Blir kjekt å følge med. 🙂

  2. Tilbakeping: #startenpånokonytt | Fjelltveit

Legg att eit livsteikn

Fill in your details below or click an icon to log in:

WordPress.com logo

Du kommenterer no med WordPress.com-kontoen din. Logg ut /  Endre )

Google photo

Du kommenterer no med Google-kontoen din. Logg ut /  Endre )

Twitter-bilde

Du kommenterer no med Twitter-kontoen din. Logg ut /  Endre )

Facebook-foto

Du kommenterer no med Facebook-kontoen din. Logg ut /  Endre )

Koplar til %s