Tilsyn

Dei av oss som har tilbakelagt nokre år på internatskule har, kan hende, litt kjennskap til denne typen «sysselsetting».
Tilsyn.
Ein som har vakt, med ansvar for elevane.
Låser opp matsal før måltid, ser til at elevane går og legg seg i rette tid, og skal elles ha oversikt over at alt går føre seg som det skal.
No er det ikkje berre på internatskular ein driv med tilsyn. Også i verda utanfor hender det at noko må sjåast til.
For vår del dreier sumarhalvåret seg ein del om nettopp dette.

Tilsynsgjengen anno 2013.

Tilsynsgjengen anno 2013.

Store deler av saueflokken vår går i fjellet sumarhalvåret.
I år var våren sein på denne kanten, noko som (sjølvsagt) resulterte i sein slepp ut på vårbeite, lite gras i fjellet, og dermed også sein slepp i fjellet.
Våre fann vegen opp 22.juni (vel og merke etter god rettleiing og vegvising).

Sankeområdet til Samdal og Øvstebø beitelag

Vi er ein del av Samdal og Øvstebø beitelag, og dyra våre går i området Dydalen. For vår del inneber dette kort reiseveg både for menneske og dyr.
Vi slepp dei frå Øvstebø, ca 5 minutts køyring heimefrå. Deretter føl vi sauene opp til inste selet i Dyrdalen, ein tur på omlag 45 minutt. Derifrå sprer dei seg fort, og då vi sanka dei ned frå fjellet i fjor haust verka det nesten som om at våre dyr var «over alt» i området som høyrer vårt beitelag til.
Kan hende skriv dette seg tilbake til at det var fyrste året vi hadde sauene i fjellet, og i utgangspunktet starta vi med dyr frå to ulike besetningar. 10 dyr som hadde vore i fjellet (og same område) tidlegare, og 14 dyr som berre hadde vore på heimebeite tidlegare.
Det blir spanande å sjå korleis det vert i år, men uansett treng dei tilsyn undervegs i fjellbeiteperioden.

Dersom ein er knytt til eit beitelag som er godkjend av kommunen ein høyrer til (og reigstrert i Brønnøysundregistrenen) kan ein også søkje fylkeskommunen om tilskot til drifting av laget. For å kunne gjere dette er der nokre krav som er sett, og eitt av krava er mellom anna tilsyn av dyra som er på beite.
Minimum tilsyn ein gong i veka, er kravet frå fylkeskommunen.
Vi er 8 medlemmer i vårt lag, men området er stort, så turnus på vakt kvar åttande veke er urealistisk å tenkje.
Uansett er det deilig å kunne bruke sauene som «unnskyldning» for å kome seg på tur i den fantastiske naturen vi har rett utanfor stoveglaset.

Sundag for litt over ei veke sidan pakka vi sekken og tok ungane med til Dyrdalen.
Fyrste gong heile gjengen tek ut på slik ein langtur, men det gjekk overraskande bra.
Anders gjekk heile vegen – både opp og ned.
Anna gjekk (eller sprang) opp, og gjekk også store deler av nedturen (ikkje rart ho trong bærehjelp på nedturen etter å ha jogga opp..nokon kvar hadde tronge det).
Martine sat i meis, men gjekk store deler av heimvegen.
Vi vaksne var skikkeleg stolte, og turen tok i alt fire timar – frå start til slutt.
Det er ikkje verst gjennomført av ein 2-åring, 3,5 åring og 5-åring..for ikkje å snakke om oss på 28 og 29 😉

For ein utsikt (både folk og lanskap)!

For ein utsikt (både folk og lanskap)!

To gode venner!

To gode venner!

Denne jenta liker å leia an turfølgjet.

Denne jenta liker å leia an turfølgjet.

Utsikt frå Dyrdalen og utover Dyrdalsvatnet mot Øvstebø.

Utsikt frå Dyrdalen og utover Dyrdalsvatnet mot Øvstebø.

Litt pause for å få med oss myrull må til.

Litt pause for å få med oss myrull må til.

Sjå den flotte dalen vår (Hausdalen).

Sjå den flotte dalen vår (Hausdalen).

Og jammen dukka ein del av sauene våre opp også.

Og jammen dukka ein del av sauene våre opp også.

Til slutt litt oppfordring frå oss med dyr i fjellet, og til dykk som er ute og går i naturen der dyr beitar:

  • Vis hensyn!
    Ha hunden i band, og hugs at dyr er dyr
    (anten det er snakk om sau, ku, geit, hest, hund eller andre dyr)
  • Dersom de ser dyr som er skada eller daude, noter ned nummer på merke, og namn på eigar
    (dette står på merkene på dyret).
    Noter gjerne også kvar dyret er funnen.
    Ta deretter kontakt med eigar!
    Dette er sjølvsagt enklast å få til med småfe (sau og geit).
    Ver forsiktige med å nærme dykk storfe (ku, ungdyr og hestar) på beite!

Dette er sjølvsagt med på å gjere beitekvardagen vår enklare!
På førehand takk, og god beitesesong til dei som framleis har litt att av den!

Ein tanke på “Tilsyn

  1. I starten av innlegget ditt kom minner frå Lyngdal strøymande på. 🙂
    Flotte bilete og utruleg kjekt å ha ei slik unnskyldning for å kome seg ut i den flotte naturen. Imponerande og flotte ungar de har. Viktig oppfordring til slutt. Det er så altfor mange som har hundar lause der det går dyr på beitet, og i tillegg ein del som ikkje lukkar att grinder.

Legg att eit livsteikn

Fill in your details below or click an icon to log in:

WordPress.com logo

Du kommenterer no med WordPress.com-kontoen din. Logg ut /  Endre )

Google photo

Du kommenterer no med Google-kontoen din. Logg ut /  Endre )

Twitter-bilde

Du kommenterer no med Twitter-kontoen din. Logg ut /  Endre )

Facebook-foto

Du kommenterer no med Facebook-kontoen din. Logg ut /  Endre )

Koplar til %s