#startenpånokonytt

I mange, mange, altformange år har vi vore eigarar av nokre enoooorme betongelement (les: < 7 tonn).
Elementa var i si tid meint å vere til golvet i lausdriftsfjøset til mjølkekyrena våre.
Men no var det jo slik at dette lausdriftsfjøset ikkje vart noko av.
Så då sat vi der då, med 13 betongelement i < 7 tonnsklassen.
Kva gjer ein med slikt når ein strengt tatt ikkje treng dei?

Elementa på rekke og rad...og litt i høgda også!

Elementa på rekke og rad…og litt i høgda også!

Lenge var dei kjenneteiknet på kvar Fjelltveit var i Hausdalen.
Elementa låg på naboen sin eigedom, heilt i vegkanten. Klare til å verta brukte.
Fordelen med at dei låg der var at det var relativt enkelt å forklare vegen til dei som kom køyrande og aldri hadde vore hjå oss før:
«Ta av første veg til høgre etter å ha passert betongelementa. Du kan ikkje unngå å sjå dei!»
Men naboen ville (sjølvsagt) ha elementa vekk, og vi flytta dei bort til tomten – der dei (sjølvsagt) skulle brukast.
Og her ligg dei den dag i dag.

Vi har vridd hovuda for å få kabalen til å gå opp når det gjeld sauefjøset.
Korleis kan vi bruka flest mogleg element, men samstundes ha «open løysing» med tanke på gjødsel og nedslepp?
Og så var det nokre lure hovud som kom på å bruke elementa både på langs og på tvers (okei då, kanskje ikkje på tvers, men passa fint å skrive det).
Så dermed har Arne stått i heile dag og skore klar elementa, og no er dei straks klare til å flyttast.
Skal verta godt å få dei «vekk». Akkurat noko prydverk er dei ikkje der dei ligg.

Her skal (nokre av) dei altså brukast...

Her skal (nokre av) dei altså brukast…

Arne i gong med å kutte av venger på elementa.

Arne i gong med å kutte av venger på elementa.

Dei resterande elementa som ikkje skal brukast på fjøset skal brukast til golv i eit framtidig reiskapsskur.
Neste veke skal dei flyttast for siste gong. Blir nesten som ei siste reis.
Den dagen har eg gleda meg til i laaaang tid no 😉

Til slutt ei lita påminning i ein elles travel kvardag (bilete henta frå Odd E. Gamal si facebookside)

IMG_1790

Legg att eit livsteikn

Fill in your details below or click an icon to log in:

WordPress.com logo

Du kommenterer no med WordPress.com-kontoen din. Logg ut /  Endre )

Google photo

Du kommenterer no med Google-kontoen din. Logg ut /  Endre )

Twitter-bilde

Du kommenterer no med Twitter-kontoen din. Logg ut /  Endre )

Facebook-foto

Du kommenterer no med Facebook-kontoen din. Logg ut /  Endre )

Koplar til %s