Herleg vêr, og gratulerar med dagen som kunne vore!

Det vil inga ende ta.
Nei kvifor ikkje berre
«La rææægnet øse ned.
La det rææænne i strie strømmar.
For intet regn i væææærden,
slukker flammen inni meg!»

To ivrige arbeidarar på sin siste feriedag!

To ivrige arbeidarar på sin siste feriedag!

Dagen idag har gått med til sure ungar (mykje av det skriv seg attende til det deilige haustvêret), og fjøsbygging.
No er det helst den første delen eg (ja, det er Bodhild som skriv, om nokon var i tvil) har tatt stor del i.
I morgon er det barnehagestart att for Anders og Anna.
Martine har sin fyrste offisielle dag om ei veke.
Trur vi gledar oss alle saman 🙂

Magnar har vore her med gravemaskina i dag.

Magnar har vore her med gravemaskina i dag.

Ser meir ut som ei tomt i dag enn i går...

Ser meir ut som ei tomt i dag enn i går…

Klart til å kultast opp...for deretter å støypa golv i fôrsentralen.

Klart til å kultast opp…for deretter å støypa golv i fôrsentralen.

Litt oppdatering har skjedd på blåggen, som liknar meir og meir på ei heimeside etterkvart.
Dersom du ser øvst på sida vil dei observange sjå at der er ulike menyval. Klikk deg gjerne innpå og les både historia om det som har vore, og det som skal koma 😉

Til slutt eit rungande hipp for Ivar Aasen som kunne hatt bursdag i dag!

Legg att eit livsteikn

Fill in your details below or click an icon to log in:

WordPress.com logo

Du kommenterer no med WordPress.com-kontoen din. Logg ut /  Endre )

Google photo

Du kommenterer no med Google-kontoen din. Logg ut /  Endre )

Twitter-bilde

Du kommenterer no med Twitter-kontoen din. Logg ut /  Endre )

Facebook-foto

Du kommenterer no med Facebook-kontoen din. Logg ut /  Endre )

Koplar til %s