Fyllmasse

Stein skal vel i teorien ikkje vere den store mangelvaren på denne kanten av landet.
No er vi så heldige at all sprengningsarbeid var gjort på tomta vår for mange, mange, altformange år sidan.
Pengar spart – i denne omgang i alle fall.
Men så har det seg slik at dersom ein ikkje sprengjer, får ein truleg (kan hende) lite stein.
Vi treng stein til å fylla ut med i tomta – særleg i nordste delen av bygget, der fasilitetane skal kome på rekkje og rad.I dag vart ein god dag i tomta vår…når det kjem til stein og fyllmasse i alle fall.
Det er ikkje kvar dag ein får tilbod om gratis masse tilkjørt hit vi bur.
Eit stykke frå allfarveg, og med kronglete og smale vegar er det inga sjølvfølge.
Men det har vi altså fått i dag.
Mange takk!

Fyrste lasset på veg.

Fyrste lasset på veg.

Tipp kva dette er?  (haha...for ein humor!)

Tipp kva dette er?
(haha…for ein humor!)

Elles grov Magnar grøft til straumkabel som skal i jorda om ein dag eller to, og planering og klargjering til støyping av golvet i fôrsentralen er vi godt i gong med også.
Ting tar form. Kjekt. 🙂

Grøfta skal gå frå fjøset og eit stykke utover.

Grøfta skal gå frå fjøset og eit stykke utover.

Her endar grøfta, og straumen vert henta frå denne stolpen.

Her endar grøfta, og straumen vert henta frå denne stolpen.

Det som ein gong skal verta fôrsentralen...

Det som ein gong skal verta fôrsentralen…

Ei lita hoppetusse på plass.

Ei lita hoppetusse på plass.

Kan hende kjem kranbil og skal starte flytting av elementa seinare i ettermiddag/kveld.
Lovnaden er at dei skal verta flytta i løpet av denne veka.
Å, kor vi gler oss!

 

 

 

 

 

 

Ein tanke på “Fyllmasse

  1. Tilbakeping: Endeleg var dagen her! | Fjelltveit

Legg att eit livsteikn

Fill in your details below or click an icon to log in:

WordPress.com logo

Du kommenterer no med WordPress.com-kontoen din. Logg ut /  Endre )

Google photo

Du kommenterer no med Google-kontoen din. Logg ut /  Endre )

Twitter-bilde

Du kommenterer no med Twitter-kontoen din. Logg ut /  Endre )

Facebook-foto

Du kommenterer no med Facebook-kontoen din. Logg ut /  Endre )

Koplar til %s