Endeleg var dagen her!

Ein innhaldsrik dag går mot slutt.
Her i huset trudde vi at vi var tidleg i gong.
Så høyrde vi plutseleg naboen på byggeplassen kl.6:30…
og då hadde han allereie visstnok vore i sving ein time, halvannan (godt med gode naboar som kjem på kva som må gjerast i «siste liten»).Dagen då dei mykje omtalte betongelementa skulle flyttast har gått over all forventning.
Så spørs det jo sjølvsagt kva ein hadde forventa.
Eg, for min del, hadde forventa å få dei vekk. Ein gong for alle.

Og det starta, som sagt, i 5-tida for vår gode nabo (og pappa, svigerfar, morfar) Odd.
Arne blei nærast sparka ut av senga av kona(han hadde i alle fall vorten det hadde ikkje eg lagt på golvet på ei madrass…senga vart okkupert av to små i natt…småbarnslivets gleder, sa du?) i 6:30-tida.
Siste rest av klargjeringa stod på planen.
Litt oppmålingar. Litt diskusjon om kva som var best og verst.
Og så kom lastebilane frå kommunen. Dei med fyllmasse.
Dei kom då verkeleg mykje tidlegare enn venta…?
«Er dei ikkje kommunale arbeidarar?
«Og har ikkje slike eit visst rykte å oppretthalde?», tenkte eg då eg høyrde dei i halv åtte-tida.

Mor køyrde alle tre borna i barnehagen.
Martine hadde sin fyrste dag utan mor i går, og det gjekk så fint som bare det.
Ho storkoste seg både då eg gjekk, og då eg kom 🙂

Maten nesten pakka og klar for i dag..

Maten nesten pakka og klar for i dag..

Etter nokre kommunale lass kom også krane-Knut frå Svanevik transport.
Litt rigging, og så var vi i gong.

Magnar & gravemaskina måtte hjelpe til med litt vekt då fyrste elementet skulle på bilen.

Magnar & gravemaskina måtte hjelpe til med litt vekt då fyrste elementet skulle på bilen.

Fyrste elementet vart lagt på bilen.

Fyrste elementet vart lagt på bilen.

Ei stund vart det lettare kaotisk då Bydrift sine bilar kom med lass, og krane-Knut manøvrerte kranen med elementa.

Ei stund vart det lettare kaotisk då Bydrift sine bilar kom med lass, og krane-Knut manøvrerte kranen med elementa.

Odd sjekkar om kunstverket kjem til å tåle vekta av elementa...

Odd sjekkar om kunstverket kjem til å tåle vekta av elementa…

Elementa som vert brukt som dragar på midten over gjødselkjellaren skal på plass...

Elementa som vert brukt som dragar på midten over gjødselkjellaren skal på plass…

Nærmar seg noko...

Nærmar seg noko…

Eitt element vart brukt på oppsida av gjødselkjellaren, og to på nedsida.

Eitt element vart brukt på oppsida av gjødselkjellaren, og to på nedsida.

Og slik ser det ut i kveld. For eit skue...mange år sidan det var "så bart" her!

Og slik ser det ut i kveld.
For eit skue…mange år sidan det var «så bart» her!

Ein utruleg flott dag går mot slutt, og vi er berre veldig takksame for at alt gjekk så fint som det gjorde.
Heldige oss har ein utruleg grei gravemaskinførar (på fint også kalla entrepenør…) som kjem nesten kor tid vi måtte ynskje. Dagen i dag hadde ikkje gått slik den gjekk utan han tilstades!
Med ein super kranbilsjåfør på kjøpet (kjøp, ja…eg reknar med rekninga kjem…), og vêret på vår side var dette heilt optimalt.

Kva meir kan ein ynskje seg ein torsdag?

Legg att eit livsteikn

Fill in your details below or click an icon to log in:

WordPress.com logo

Du kommenterer no med WordPress.com-kontoen din. Logg ut /  Endre )

Google photo

Du kommenterer no med Google-kontoen din. Logg ut /  Endre )

Twitter-bilde

Du kommenterer no med Twitter-kontoen din. Logg ut /  Endre )

Facebook-foto

Du kommenterer no med Facebook-kontoen din. Logg ut /  Endre )

Koplar til %s