Straum

Som alle nye bygg, krev også sauefjøset vårt straum.
Innlagt vatn har vi forresten også med i budsjett «Nytt sauefjøs».
«Men det gjer seg ikkje sjølv», var det ein klok mann som ein gong sa.

Straumkabel på plass

Straumkabel på plass

Det heile starta førre veke då Magnar var og grov grøfta som kabelen skal leggjast ned i.
Før dette var det enno ein klok mann som kom på ein god idé:
Sett ned nokre staur, og legg deretter nokre «to-seks» eller «to-åtta» mellom stauren.
På den måten hindrar ein i alle fall dei største steinane (og kan hende dei minste også) frå å trille ned på slåttemarka.
Lenge sidan nokon har kome på noko så lurt her til gards 😉

Nokre staur, samt eit par "to-seks" på plass.

Nokre staur, samt eit par «to-seks» på plass.

Og jammen gjorde det susen!

Og jammen gjorde det susen!

Deretter var det å få kabelen frå elektrikaren, tre den i røyr og leggja ut i grøfta.
Singel oppå, og litt av hunen frå då vi skar material på toppen (slik at røyr og kabel vert litt meir snåna når Magnar skal leggja massane på att).

Kabelen i røyr, og i jorda.

Kabelen i røyr, og i jorda.

Singel nesten på topp.

Singel oppå.

 

Hunen komen i jorda...

Hunen komen i jorda…

Magnar er ferdig med å leggja jorda på att.

Magnar er ferdig med å leggja jorda på att.

I morgon er det tid for støyping. Betongbilen kjem omlag kl.10.

Eg leita forresten etter mobilladaren min i stad, men fann den ikkje.
Til slutt fann eg både Anna og kabelen til ladaren godt plassert i senga vår.

Ser ut til at bamsane får litt lite oksygen inn...

Ser ut til at bamsane får litt lite oksygen inn…

Og med det takkar eg av for i kveld.
Men må spørja lesarane om ei lita teneste fyrst:
Vi er ute etter eit høvande domene til blåggen vår.
Både fjelltveit.no og kvilhaug.no er oppteken.
Har du gode forslag på lager? …vert motteke med takk!
Ser ut til at bamsane får litt lite oksygen inn...

5 tankar på “Straum

  1. Den der kabeltromla må du ikkje finne på å kasta… 🙂 eg FÅReslår (haha!) den som bord inne eller ute! Og passar sjølvsagt i sauehuset og!

  2. Det er forresten også familienfjelltveit.no, gardenfjelltveit.no, deringenskulletru.net, langtinnigokk.no, sauebonde.net, nyefjosen.no og gardbrukaren.no. For å nevna nokre døme. 😉

Legg att eit livsteikn

Fill in your details below or click an icon to log in:

WordPress.com logo

Du kommenterer no med WordPress.com-kontoen din. Logg ut /  Endre )

Google photo

Du kommenterer no med Google-kontoen din. Logg ut /  Endre )

Twitter-bilde

Du kommenterer no med Twitter-kontoen din. Logg ut /  Endre )

Facebook-foto

Du kommenterer no med Facebook-kontoen din. Logg ut /  Endre )

Koplar til %s