Støyping

Dagen då betongbilen skulle koma (altså i går, torsdag) glimta til med strålande solskinn, liten bris, samt godt med arbeidsfolk full av arbeidslyst. Dette måtte jo berre gå vegen!

Som vanleg er det litt stress like før…Alt skal jo trass alt vere på plass, slik at alt kan gå som smurt.
Denne gongen var det store deler av grunnmuren som skulle støypast.
Det ser nesten litt ut som eit lappverk – ein forskaling her, og ein forskaling der, men det er altså ein plan med det.

Siste finpuss på forskaling og armering før det brakar laus.

Siste finpuss på forskaling og armering før det brakar laus.

To arbeidarar med godt humør!

To arbeidarar med godt humør!

Biletet over er tatt medan forskalinga vart bygt. Det har ei historie bak seg, og for dei uinnvidde er det ikkje sikkert historia er like morosam som for oss andre, men det bryr vi oss ikkje om 😉 :
Arne er ein over gjennomsnittet nøyaktig mann.
Han er også over snittet glad i vater, vinkel, tommestokk og måleband.
Dette har han stort sett alltid på innerlomma (berre spør han sjølv neste gong du treff på han).
Slik er ikkje Odd. Altså, misforstå meg rett, han er glad i slikt der han meiner det er naudsynt.
Her er altså Arne i gong med vinkelen medan Odd slår ned spikrane. Berre for å vera sikker på at Odd gjer skikkeleg arbeid 😉 (det gode humøret på begge to skriv seg attende til at det heile vert foreviga).

Litt meir arbeid "i siste liten".

Litt meir arbeid «i siste liten».

Oljing av formene må til

Oljing av formene må til

Mor sjølv stod for oljinga av forksalingsformene. Dette gjer vi for at betongen lettare skal sleppe formene når forskalinga skal ned…og ikkje minst for å få ein litt mindre vaskejobb i etterkant.

Og så kom fyrste bil.

Og så kom fyrste bil.

I alt 8 kubikk skulle pumpast over i diverse former.
Vi starte med den største forma først. Arne var bas, Odd styrte slangen/røyret, og Bodhild skulle ta seg av stauking. Framleis var vêret upåklageleg.
Men så skjedde jo det som ikkje måtte skje (evt. som måtte skje?):

Eine forskalingskassetten rauk, og betongen kom sjølvsagt etter...

Eine forskalingskassetten rauk, og betongen kom sjølvsagt etter…

Heldigvis hadde vi ikkje fylt så mykje betong i den enden der dette skjedde, så Odd heiv seg rundt og ordna opp (med god hjelp frå Bodhild sin farfar).
Medan dei fiksa på forma, tok Arne og eg oss av å få resten av betongen i dei andre formene. Ingen komplikasjoner der, heldigvis.

Betongbilane (ja, vi måtte ha to på tunet…åtte kubikk går ikkje i ein bil, visstnok) gjorde seg klare til å pakka saman, og vi var enno ikkje ferdige med forma som var øydelagt.
Heldigvis hadde den eine sjåføren med seg retarder, som vi fekk blanda i.
Retarder er eit stoff dei kan ta i betongen som gjer at ein oppnår kontrollert størkningsutsettelse.
Vert ofte nytta i høve som det vi opplevte.

Betongen vart midlertidig oppbevart på ein presenning vi hadde tilgjengeleg, og deretter var det berre å gjera seg klare med forskalinga på nytt att.

Omlag to kubikk med betong.

Omlag to kubikk med betong.

Nesten etter boka, og med litt fleire støtter på gjorde dette susen.

Nesten etter boka, og med litt fleire støtter på gjorde dette susen.

Då forskalinga var klar bretta eg opp ermene (okei då, eg gjekk i t-skjorte i utgangspunktet, så slapp brettinga) og gjorde meg klar til å spa betong.
Eg spadde, og Odd trilla trillebårer til krampa tok han.
Heldigvis var syster mi, Hildegunn, ein tur oppom Fjelltveit på visitt denne føremiddagen.
Og takk for det!
Gardsferie er jo noko alle ynskjer for tida, er det ikkje?
Det vart i alle fall det på henne i går.

Hildegunn staukar og staukar i betongen.

Hildegunn staukar og staukar i betongen.

Litt oppgitt?

Litt oppgitt?

Måtte berre ta med dette biletet…Det skildrar så fint korleis stoda var der og då!
Og ja, eg veit eg ser ut som ein 12 år gamal gut 😉

Til og med Kari (mor, svigermor, mormor) stilte opp!

Til og med Kari (mor, svigermor, mormor) stilte opp!

Til slutt kom vi i mål. Då var klokka vel og merke 17, og armane verkte etter å ha spadd nærare to kubikk med betong for hand, trilla i trillebårer opp på forskalingsforma og tømd oppi.
Og vi som hadde rekna med og vere ferdige til 12-13-tida…
Det var til og med betong til overs, og det resulterte i at det eine holet på eitt av betongelementa vart tetta att.
Eg tok meg av armeringa, og Odd meinte at det ikkje var sannsynleg at dette skulle kome til å detta ned (eg trudde det var det som var poenget, eg?).

Armering av ein proff?

Armering av ein proff?

Litt av forskalinga på tomta. Den bakarste var forma som vart sprengd.

Litt av forskalinga på tomta.
Den bakarste var forma som vart sprengd.

Blir spanande å sjå når forskalinga skal rivast 🙂

Ein tanke på “Støyping

Legg att eit livsteikn

Fill in your details below or click an icon to log in:

WordPress.com logo

Du kommenterer no med WordPress.com-kontoen din. Logg ut /  Endre )

Google photo

Du kommenterer no med Google-kontoen din. Logg ut /  Endre )

Twitter-bilde

Du kommenterer no med Twitter-kontoen din. Logg ut /  Endre )

Facebook-foto

Du kommenterer no med Facebook-kontoen din. Logg ut /  Endre )

Koplar til %s