Sundag er sundag

Nok ei veke nærmar seg slutt, og i dag har det vore skikkeleg «sipavêr», som ein ekte bergensar gjerne ville kalla det. Det er mest som om at det ingen ende vil ta.
Vi har for det meste vore inne. Mor har fått gjort ein del forefallande.
Ungane har sett Istid 4.
Og fekk litt laurdagsgodt på ein sundag.

I går reiv Arne, morfar og oldefar forskaling medan mor vaska kasettane etterkvart.
Mormor (vert forresten 51 år i dag – HIPP HURRA!) var (som vanleg?) trufast barnevakt!

Arbeidsgjengen et lunsj i det fri for å effektivisere litt...

Arbeidsgjengen et lunsj i det fri for å effektivisere litt…

Vi var spent på å rive forskalinga på muren der forma vart sprengd. Resultatet ser ikkje så verst ut, til trass for stress då det stod på som verst på torsdag…litt pussing må nok til, men alt i alt var vi over snittet nøgde!
Og sant skal seiast: Det meste skal skjulast av massar.

Slik vart resultatet.

Slik vart resultatet.

I morgon tenkte eg å starte med å leggje stein inntil murane ved siloane.
Der skal det kultast opp, pukk skal på, og deretter skal det armerast og støypast.
Kan hende vert det den komande veka.
Det kjem litt an på vêret, for her til gards er enno ikkje andre slåtten i hus.
Vêret ser lovande ut framover no, men brått har prognosane snudd…eller traktorane tek kveld. Det er nokre ulydar i dei…litt skal det vel alltid vere 😉
Elles er det ei Bondelagsveke i vente for meg. Styremøte både i Hordaland og Bergen Bondelag, samt siste innspurt med tanke på Open Gard-arrangement. Travelt, men gøy!

Martine hadde noko artig for seg tidlegare i dag...

Martine hadde noko artig for seg tidlegare i dag…

To gode vener.

To gode vener.

Og sist, men ikkje minst eit bilete av ei jente som stadig held oss i ande (misforstå meg rett, dei andre held oss i ande dei også, men denne jenta er over snittet uforutsigbar på ein positiv måte…).
Ho har så mange påfunn i løpet av ein dag at eg har slutta å telje.
I dag var Arne nett ute ein liten tur, eg sat med datamaskina og fekk unna litt forefallande, og ungane såg Istid 4 (ja, det var då dei åt sundagsgodtet). Plutseleg høyrer eg nokon som kjem tassande.
Anna kikkar fram bakom døra med eit stort smil…Og eg lo og lo.
«Eg klistlet de på, mamma!», var kommentaren frå luringen 😉

Litt uklårt bilete, men morosamt likevel...

Litt uklårt bilete, men morosamt likevel…

Ha ei god veke, godtfolk! 🙂

Litt uklårt bilete, men morosamt likevel...

Ein tanke på “Sundag er sundag

Legg att eit livsteikn

Fill in your details below or click an icon to log in:

WordPress.com logo

Du kommenterer no med WordPress.com-kontoen din. Logg ut /  Endre )

Google photo

Du kommenterer no med Google-kontoen din. Logg ut /  Endre )

Twitter-bilde

Du kommenterer no med Twitter-kontoen din. Logg ut /  Endre )

Facebook-foto

Du kommenterer no med Facebook-kontoen din. Logg ut /  Endre )

Koplar til %s