Slåttegraut…

I dag skulle det nok vore spandert på litt slåttegraut.
Håne (2.slåtten) er komen i hus, og presset er på siloane.
Då kan vi puste letta ut. Vi kom i mål i år også!

Årets avling på håne var begredelig, om eg må seia det sjølv (og det må eg vel).
Men nokre fordelar skal det jo alltids vera: Det var fort gjort 😉

Arne slår og eg køyrer i mellom.

Arne slår og eg køyrer i mellom.

For det meste er det pappa Odd som har stått for slåinga, og Arne har køyrt i mellom…men litt har eg óg fått leika meg (og for ikkje å snakke om den gode hjelpa vi har hatt i dag av onkel Andreas, bror til Arne).

Ingenting slår naturleg aircondition...

Ingenting slår naturleg aircondition…

Fredags kveld fekk vi låne traktor av den snille entrepenøren vår (eg likar å kalle han vår sjølv om at eg er fullt klar over at det ikkje er vi som eig han), Magnar. Litt oppgradering for mor fra å køyre Ford 4600 frå før krigen (okei, då..men ikkje langt ifrå) til Massey Ferguson 5445 (ikkje nevn det for onkel Bård Arne, er de snill…) 

Litt oppgradering måtte til.

Litt oppgradering måtte til.

Hadde vi vunne i lotto hadde nok traktor vore høgt på prioriteringslista (burde kanskje starte med tippinga før ein legg lista?).
Anders var med som sidemann ei lita stund fredagskvelden. Stor stas for liten og stor!

God hjelpar!

God hjelpar!

Massey'en på nært hald...

Massey’en på nært hald…

Eg har også eigen slåmaskin som eg susar avgarde med ein gong i veka.
For parkanlegget må haldast 😉

Slåmaskina til mor.

Slåmaskina til mor.

Deler av parkanlegget ein sein kveld...

Deler av parkanlegget ein sein kveld…

Elles er det vel bare til å konstatere at hausten er i gong, sjølv om temperaturane dei siste dagane ikkje har tyda på det.

Gult og oransje lauv. Sikre teikn...

Gule og oransje blad. Sikre teikn…

Litt er vorten gjort i tomta også. Stein og pukk er lagt inntil den eine muren som var støypt.
Litt innreiing har kome til gards (sjølv om den ikkje vert teken i bruk med det første), og rekningane strøymer på.
Nesten alt like kjekt 😉

Arbeidsfolket i god gong!

Arbeidsfolket i god gong!

Førre veke flytta det inn nye leigebuarar i hønsehuset. 150 stk som snart startar med å verpe fine, små egg til oss. Frå før har vi ca 100 høner som er på hell i produksjonen, så det skal bli eggsomt etterkvart (er du interessert i egg er det bare til å  ta kontakt) 😉

Nyinnflyttarar!

Nyinnflyttarar!

Og til slutt eit seinsumarbilete av Sologjengen som ynskjer alle ei framleis god helg:

Sologjengen!

Sologjengen!

Ein tanke på “Slåttegraut…

  1. Så deilig å vere ferdig. Det er kjekt å følgje med på bygginga hos dykk. Spanande når det vert ferdig. Herleg Sologjeng. 🙂
    Vel overstått håslått, til trass for dårleg avling. Ha ei strålande veke. 😉

Legg att eit livsteikn

Fill in your details below or click an icon to log in:

WordPress.com logo

Du kommenterer no med WordPress.com-kontoen din. Logg ut /  Endre )

Google photo

Du kommenterer no med Google-kontoen din. Logg ut /  Endre )

Twitter-bilde

Du kommenterer no med Twitter-kontoen din. Logg ut /  Endre )

Facebook-foto

Du kommenterer no med Facebook-kontoen din. Logg ut /  Endre )

Koplar til %s