Tilsynsrunde

Måndag var vi tilsynsrunde i fjellet for å lokalisere dyra våre.
Allereie laurdag fekk vi telefon om at ein god flokk av våre sauer var komen ned til sankeområdet.
Vi var sjølvsagt spent på både kor mange dyr det dreide seg om, og kvar resten av flokken befant seg.
I nydeleg solskin gjekk turen frå Øvstebø.

Dyrdalsvatnet.

Dyrdalsvatnet.

Når vi slepp sauene til fjells på vårparten slepp vi dei i enden av Dyrdalsvatnet (til venstre i biletet).
Måndag då vi var oppe var det få av våre dyr som var att i nærleiken av vatnet. Dei fleste hadde funne vegen opp i fjellsidene, men vi såg mange med blå merker (vi er dei einaste med blå øyremerker i vårt beitelag).

Fantastisk utsikt...og eit lite prosjekt - panoramabilete. Dermed ein litt merkelig fasong på ho mor...

Fantastisk utsikt…og eit lite prosjekt – panoramabilete. Dermed ein litt merkelig fasong på ho mor…

Det var mykje fugl i området, og ei stund vart vi usikre på om det var ørn vi såg – dei låg og seilte i sky.
Konklusjonen var at vi lett lot oss lure av dei lokale kråkene som leikte seg i vinden.

Seinare på dag var det tid for å hente ned dei som allereie var ferdig med sumarbeite for denne gong. 26 sau, smått og stort hadde funne vegen ned på eigehand, og dermed bar det heim til Fjelltveit att.
No går dei fint ilag med dei «sjuke og svake» som vi har hatt på heimebeite heile sumaren. For tida avlegg dei visitt i «Hauane» – mykje godt fôr til dei der!

Nysgjerrige dyr, og heilt tamme!

Nysgjerrige dyr, og heilt tamme!

I dag har eg vore på visitt i «Hauane». Eg har observert og notert. Mange av lamma som kom ned måndag ser ut til å ha fine vekter, og vi reknar med at der fins sorten att i fjellet også.
I går kveld melde vi inn 40 lam til slakt.
Så er det bare til å krysse fingre for at antal stemmer med resultat etter sankinga!

Eit herlig, lite lam.

Eit herlig, lite lam.

Lammet på dette biletet er nok altfor lite for slaktebilen denne gongen.
Reknar med at nokre av våre lam først vert sende i februar/mars, og det skriv seg for det meste attende til fødselsvekta. Tilveksten har gjerne ikkje vore dårleg, men det står ofte i stil med utgangspunktet 😉
Sanking i vårt område er neste laurdag (7.september), og vi satsar på strålande sol og heile flokken ned! 😉
Følg med, følg med…

Legg att eit livsteikn

Fill in your details below or click an icon to log in:

WordPress.com logo

Du kommenterer no med WordPress.com-kontoen din. Logg ut /  Endre )

Google photo

Du kommenterer no med Google-kontoen din. Logg ut /  Endre )

Twitter-bilde

Du kommenterer no med Twitter-kontoen din. Logg ut /  Endre )

Facebook-foto

Du kommenterer no med Facebook-kontoen din. Logg ut /  Endre )

Koplar til %s