Action til gards

Laurdag starta dagen med ungar full av energi (som vanleg), 
trøytte foreldre,
betaling av rekningar,
kaffi i koppen
og sol på kroppen (okei då, det siste stemte kanskje ikkje heilt, men kva gjer ein ikkje for rim og rytme?).
Mor i huset tok turen for å gjera sankestaden klar til laurdag om ei veke.
Stekkane vart sett opp, og gjerda vart saumfart for å vera sikker på at sauene ikkje stikk til fjells att når dei fyrst er komen ned.
Medan eg var der, tok mormor seg av ungane, og Arne og Odd starte såvidt med enno meir forskaling på bygget…det vil ingen ende ta på den forskalinga. Sjølv om Odd påstår at det nærmar seg ein ende på akkurat den biten.

Utpå dagen tok mormor og eg ungane med på Haustbasar på bedehuset – Anders er ein råtass i basarsamanheng, og henta heim både strikka sokkar (slikt høyrer jo med på ein basar), Geni-spel, lauk, poteter, aubergine, paprika, lys & lysestake, blåbær, matboks…
Ein veldig kjekk basar på bedehuset!

På veg heim frå basaren fekk vi ein mindre kjekk telefon frå Arne.
Han ville informere om at ambulansen var på veg for å hente Odd. Det fyrste som slo meg då eg høyrde det var at noko hadde skjedd på tomten, men det var ikkje tilfelle…

Ambulansen i tunet. Ikkje akkurat kvardagskost (heldigvis).

Ambulansen i tunet. Ikkje akkurat kvardagskost (heldigvis).

Odd hadde vore ein tur innom beitet til vérane for å fikse noko (som ikkje hadde noko med dyra i seg sjølv å gjera). Fyrst hadde han jaga dei litt bort slik at han kunne få «arbeide i fred», men freden varte ikkje lenge…
I det Odd hadde snudd seg, snudde også den største av vérane seg, tok rennfart, og sikta på Odd.
Veren traff han midt bakpå låret, og Odd fauk ein 5-10 meter før han landa sånn nokonlunde.
Han både høyrde og kjende at det ikkje var som det skulle baki låret, og klarte ikkje å koma seg på beina verken med hjelp frå sterke mannfolk eller ved hjelp av krykker.
Det heile enda med at Arne henta traktor med skuffe og fekk køyrd han heim i hus.
I mellomtida var AMK kontakta, og ambulansen kom etter kjappe (evt. lange for dei som venta) 10-15 minutt.

Sliten Odd, men i trygge hender.

Sliten Odd, men i trygge hender.

No ligg han på Haukeland i påvente av MR-undersøkjing.
Dei reknar med et det kan dreie seg om sener som er sliten av, eller muskel som er sliten av.
Så då er det ikkje anna å gjere enn å smøre seg med tolmod, falde hender og satse på det beste!
Og eg kom (sjølvsagt) tidsnok heim til å dokumentere alt i form av bilete…all the way! 😉

Kva har vi lært av hendinga?
Snu aldri ryggen til ein vér..!
Men det visste vi jo alle forsåvidt frå før av òg…bare ikkje alltid like enkelt i praksis…

3 tankar på “Action til gards

  1. Altså slik Øystein Sunde så treffande seier «Smi mens liket er varmt»….. .. Gode naboer…..jau sa eg smør…. Men du er no snill med ungane.

  2. Uff da, det hørtes ikkje godt ut det der. Håper han får hjelp og at han ( far din?) kjem seg på føtene igjen snart.

Legg att eit livsteikn

Fill in your details below or click an icon to log in:

WordPress.com logo

Du kommenterer no med WordPress.com-kontoen din. Logg ut /  Endre )

Google photo

Du kommenterer no med Google-kontoen din. Logg ut /  Endre )

Twitter-bilde

Du kommenterer no med Twitter-kontoen din. Logg ut /  Endre )

Facebook-foto

Du kommenterer no med Facebook-kontoen din. Logg ut /  Endre )

Koplar til %s