Tid for noko nytt

Førre innlegg var over gjennomsnittet høgt på statistikken når det gjaldt visningar på sida. Kan hende skal eg satse på bilete av ein ambulanse med overskrifta «Action til gards» i fleire innlegg framover? Pasienten som vart henta i ambulanse er i alle fall komen heim att til gards. Ikkje på båre, men sitjande (såvidt) i bil.

Nyoperert.
Reiv av ei sene bak i låret.
Krykker i seks veker.
Sjukemeldt til langt ut i november.
Men ved godt mot, tør eg påstå.

Pasienten på visitt. Liggjande er visst å foretrekke.

Pasienten på visitt. Liggjande er visst å foretrekke.

Litt har skjedd i tomta etter at Odd havna på sjukehus, men ikkje mykje. Ting tek tid. Det gjorde det jo i utgangspunktet, men då var det trass alt Arne og Odd som holdt på dei fleste ettermiddagar og kvelder. No hender det at Bodhild og Arne er der nede samstundes – vi er så heldige å ha barnevakt som stiller på kort varsel!
Arne skar for lenge sidan vengene av nokre av elementa, og då vert sjølvsagt armeringa synleg. Difor måtte vi lage oss ei lita forskaling og dekkje armeringa med betong. Arne fekk god hjelp frå broren, Andreas, med forskalinga, og støypinga tok Arne og eg oss av ei kveldsstund.
Det heile starta så fint, vi blanda i betongblandaren frå 60-talet, men etter ei blanding vart det brått slutt. Blandaren sa takk for seg, og eg måtte ta meg ein handletur.

Gamalt møter nytt.

Gamalt møter nytt.

Kvelden då blandaren rauk var vi godt i gong, men ikkje ferdige med målet. Det enda med at Arne blanda i bøtter. Tok litt tid, men vi kom i mål.

Alt går om ein vil...

Alt går om ein vil…

Her vert det stappa...

Her vert det stappa…

Mykje dill som skal til no i desse tider, men vi har ikkje mista motet.
I tillegg var det duka for sauesanking førre helg (og ettersanking denne).
Vi stilte mannsterke frå garden vår: Arne, Bjarne (fetter til Bodhild), Gustav (far til Arne), og Arve (jaktkamerat).
Bodhild representerte BondelagetÅpen Gård, og glimta dermed med sitt fråver.
Vi fekk ned mykje sau, og ein del var jo allereie komen ned veka i førvegen.

Sankefolket på toppen, klare til innsats.

Sankefolket på toppen, klare til innsats.

Dyr på veg ned.

Dyr på veg ned.

Sankinga er eit av dei finaste eventyra hausten har å by på, spør du meg.
Er ein heldig med vêret i tillegg skal ein ikkje klage.
Litt ymse vêr var det i år, og på vêrvarslinga å døme ser det ikkje så lovande ut for morgondagen. Men vi tar det med eit smil 🙂

Omlag 600 sau vert sanka i vårt Beitelag.

Omlag 600 sau vert sanka i vårt Beitelag.

Tilskodarane er det ingenting å sei på.

Tilskodarane er det ingenting å sei på.

Eg hugsar som barndomsminne sauesankinga som eit høgdepunkt i året.
Det var sjeldan eg var med i fjellet og sanka (vi slutta med sau før eg vart gamal nok til det), men heile familien var alltid klar då sauene var komen ned og skulle skiljast. Då trur eg store deler av dalen var på plass med saft og boller. Folkefest. Og på ungane våre å døma ser det ut til at dette kan verta fine minner å få med seg også!

Transporten ned...denne gongen også innleigd traktor!

Transporten ned…denne gongen også innleigd traktor!

Vi vurderte litt att og fram på førehand om vi skulle bestille dyrebil som transport ned att, men enda til slutt med å ordne det på eiga hand. Då vi såg mengden dyr som vart sanka ned angra vi. Det hadde heilt klart vore enklare og meir effektivt med innleigd bil, så då gjorde vi oss den erfaringa i år.

Bjarne gjer klart til veging.

Bjarne gjer klart til veging.

Laurdagen vart sein, og dermed måtte vi ta sundagen til hjelp når det kom til veging av dyra. Slaktebilen skulle stille på tunet måndags morgon, så her kan ein ikkje liggja på latsida. 40 dyr var i utgangspunktet meld inn til slakt. Til vanleg er sundag fridag hjå oss, men nokre gonger let det seg ikkje gjennomføre i praksis 😉

Vi har kjøpt inn ny, elektronisk vekt som skal brukast i nyefjøset. Freistinga vart for stor, og vi pakka ho opp for å ta ho i bruk allereie i haust. Det skulle vise seg at desse nymotens greiena ikkje alltid er til å stola på. Vekta var ikkje komplett, og dermed måtte vi ut på leit etter ei vekt som kunne lånast. Heldigvis hadde Jon Henning og Kristin Gjerde ei ståande som kunne lånast.

Elektronisk er ikkje alltid det beste...

Elektronisk er ikkje alltid det beste…Denne vart redninga!

Etter at heile flokken var vegd ende vi opp med å sende 30 dyr til slakt i første omgang. Omlag 20 lam står inne på oppfôring, medan nokre vert heime til februar for å feite seg opp 😉
Framleis er det omlag 10 dyr som manglar i flokken vår. Vi er spent på kva morgondagen kan bringa med seg, og kryssar fingre for best resultat!

Ein tanke på “Tid for noko nytt

  1. saudesanking på Alnes var også årets høgdepunkt i min barndom ( for nokre få år sidan). Det va det kjekkeste vi visste, mykje kjekkere enn potetopptaking. Men vi måtte te pers der også. Veldig kjekt å sjå ka de styra med .

Legg att eit livsteikn

Fill in your details below or click an icon to log in:

WordPress.com logo

Du kommenterer no med WordPress.com-kontoen din. Logg ut /  Endre )

Google photo

Du kommenterer no med Google-kontoen din. Logg ut /  Endre )

Twitter-bilde

Du kommenterer no med Twitter-kontoen din. Logg ut /  Endre )

Facebook-foto

Du kommenterer no med Facebook-kontoen din. Logg ut /  Endre )

Koplar til %s