Travle tider, men lite gjort?

Blåggen har i alle fall vore lite oppdatert den siste månaden.
Det kunne jo vore freistande å skulde på regjeringssonderinger, blå-blå-ultrablå forhandlingar, osb.
Men ein kan vel ikkje anna enn å skulde på seg sjølv til sjuande og sist…? Særskild i dette høvet…

Oddemann er komen litt meir på beina, men sidan førre innlegg har han vore på ny ambulansetur til bydn.
Etter litt krangling og mykje om og men var det ein lege som kom krypande og måtte innrømma at han hadde teke feil då han påstod at det ikkje var snakk om blodpropp i den vonde og hovne leggen. Opptil fleire proppar var visstnok «diagnosen» Odd fekk før han vart guida (evt. han guida, for prate kan han framleis, sjølv om beina ikkje heilt føl tempoet) heim att til fagre Fjelltveit.

Så vart han liggjande litt til...godt ein har telefon.

Så vart han liggjande litt til…godt ein har telefon.

Bortsett frå å telje kvistar i panelen i taket er han ein rev på å finne jaktradiokanalane dei ulike jaktlaga opererar med i terrenga i nærområdet 😉

I sitt ess?

I sitt ess?

Men no er nokre veker med blodfortynnande allereie gått, og han er framme kvar dag, som dei seier på heimen 😉

Ellers går det litt på fram med fjøset, men sjølvsagt ikkje slik vi hadde vona og trudd.
Mykje stoppa då væren tok byggeleiaren, men vi har vore heldige i det siste og fått god hjelp frå både sør og nord, så no er tomta litt meir HMS-klarert, og golvet er på plass.

Fint skal det vera.

Fint skal det vera.

 

Takk til Lars og Andreas for god hjelp!

Takk til Lars og Andreas for god hjelp!

IMG_4973

Sauene får klikklaminat i plast som skal vere lunt og godt.
Tenkjer dei vert nøgde når den tid kjem.

For ei tid tilbake hadde vi litt trøbbel med den nyinnkjøpte elektroniske vekta frå Reime Agri. Det mangla to overgangskablar, noko som resulterte i at vi ikkje fekk straum til vekthovudet. Etter litt om og men, og to og ei halv vekes venting (midt i verste vegetida i sauehaldet) kom omsider kablane. Vi pakka opp og kobla opp. Spenninga var nesten til å ta og kjenne på, og skuffelsen deretter når det viste seg at vekta ikkje var ferdig kalibrert. Det vil med andre ord seia at ho ikkje fungerte, sjølv med dei riktige kablane tilkobla.
Heldigvis fekk vi ordna oss med å låne eit vekthovud som var kalibrert, slik at vi kunne gjera dei siste vegingane på lamma våre.

Seriøst firma. Seriøs mottakar.

Seriøst firma.
Seriøs mottakar.

...men kanskje ikkje like seriøs emballasje?

…men kanskje ikkje like seriøs emballasje?

I nokre veker har vi hatt litt i overkant av 30 lam ståande inne til oppfôring i von om at dei skal verta gode og feite (okei då, ikkje for mykje feitt, men mykje kjøt er å foretrekka) før dei skal slaktast.
Dei trivst med fri tilgang til kraftfôr, silo og mykje godt kjeldevatn!

Flotte dyr.

Flotte dyr.

….og no som hausten er på frammarsj ventar vi på siste rest av jordbærsesongen:

Skal tru om desse nokon gong vert raude før snøen kjem?

Skal tru om desse nokon gong vert raude før snøen kjem?

 

 

Legg att eit livsteikn

Fill in your details below or click an icon to log in:

WordPress.com logo

Du kommenterer no med WordPress.com-kontoen din. Logg ut /  Endre )

Google photo

Du kommenterer no med Google-kontoen din. Logg ut /  Endre )

Twitter-bilde

Du kommenterer no med Twitter-kontoen din. Logg ut /  Endre )

Facebook-foto

Du kommenterer no med Facebook-kontoen din. Logg ut /  Endre )

Koplar til %s