Det går ikkje akkurat unna…

Eller kan hende er det akkurat det det gjer?
Det går slik unna at blågg vert nedprioritert i alle fall.
Men no er det nye kostar til gards…og som alle veit: Nye kostar feier best for eiga dør! 😉

Sauene er komen i hus, og vi har vel funne ut at vi manglar tre lam etter årets beitesesong i fjellet.
Desse er nok tapt for lenge sidan, for ikkje eit einaste spor har dei etterlate seg…
Litt svinn må ein rekna med, seier eitt visdomsord.
Litt i underkant av 100 dyr er godt plasserte i det gamle fjøset vårt.
Det nye fjøset let enno vente på seg, sjølv om der er framgang å spore også der.
Etter å ha kjøpt betong ein gong tidlegare på seinsommaren fekk vi oss eit sjokk då rekninga kom.
8 kubikk betong til den stive pris av omlag 20 000 kr ink. mva.
Det er heilt rått!
Det har igjen resultert i at vi har investert i ein tvangsblandar til traktoren.
Den blandar 600 liter betong i slengen, og i helga testkøyrde vi den for fyrste gong:

Konsentrert?

Konsentrert?

Ny tvangsblandar i aksjon.

Ny tvangsblandar i aksjon.

Slik blandar ein det som trengs.

Slik blandar ein det som trengs.

 

 

Og her er forma som skulle testast...

Og her er forma som skulle testast…

Resultatet er vi meget godt nøgde med!
Og vi er ikkje i tvil om at dette er pengar spart!

Sauene har blitt behandla mot invollssnyltarar, og i haust brukt vi Ivomec. Som de ser av biletet er dette i miksturform, og lurer du på kva innvollssnyltarar er? Følg nøye med…
Innvollssnyltarar, eller innvollsormar, om du vil, er som ordet seier – ormar i innvollane.
Dei fleste og vanlegaste sortane på sau har ei generasjonstid (altså den tida det tek frå sauen får i seg larven via graset den et ute i det fri og til vaksen innvollsorm er vel etablert i sauen sine innvollar og kan leggja egg) på omlag 3 veker.
Nedanfor ser du ein flott illustrasjon på nettopp dette:

Ein kan sjølvsagt behandle sauene mot innvollsormar, og det er også naudsynt for å unngå at sauene vert dårlege, og til slutt døyr.
Dersom ein medisinerer med medisin som drep alle larvestadia frå L3-L5 (jf. illustrasjon over) vil det i praksis seia at når sauen er behandla og deretter tek eit nytt tygg med gras full av infektive larver, vil det ta tre veker til det er egg i avføringa til sauen neste gong.

Behandlinga mot innvollssnyltarane som er tilgjengelege på den norske marknaden drep alle larvestadia L3-L5, og den er også reseptbelagt. Då må veterinær inn i biletet for å skriva ut resept dersom ein skal få tak i det.
Det er mykje ein kunne skrive om denne typen behandling, for råda ein får frå ulike hald er ikkje alltid samstemde. Uansett; vi har behandla i haust i samband med insett av dyra. Då er vi sikre på at larvane vert drepne, og nye kjem ikkje inn så lenge dyra står innomhus!

Innvollssnyltatar er ikkje noko kjekt. Dei vil vi ha vekk!

Innvollssnyltatar er ikkje noko kjekt. Dei vil vi ha vekk!

Paringa er godt i gong i fjøset, og denne hausten har vi tre vêrar gåande.
Vi er med i eit prøveprosjekt/ei undersøkjing som Ny Giv Hordaland har drege i gong denne hausten, og var dermed så heldige at vi fekk ein elitevêr til besetninga vår. Vêren er sponsa av eine vêrringen i Hordaland, og denne vêren er godt avla fram. Forsøket går mellom anna ut på å sjå korleis avkomma som kjem frå vår besetning vert.
Vi har i utgangspunktet ei besetning som er relativt ny (kjøpte første innsett hausten 2010), og vi tenkte ikkje så mykje på avl då vi kjøpte livdyra. Det har vi fått erfart både på godt og vondt. Kjem meir attende til dette i eit seinare innlegg.
Uansett vert det spanande å sjå til hausten att om vi ser forskjell på lamma etter dei ulike vêrane våre.

Litt oppdateringar på livet i heimen høyrer også med.
Reknar med du framleis heng med og les? No kjem det eit bilderush:

Lunsj i det fri er kjekt!

Lunsj i det fri er kjekt!

Hausten er her, og trampolina er borte...

Hausten er her, og trampolina er borte…

Anders har ei teateroppvisning!

Anders har ei teateroppvisning!

Epler frå Hardanger høyrer hausten til.

Epler frå Hardanger høyrer hausten til.

Litt regn kom der óg ein dag...

Litt regn kom der óg ein dag…

Vi har laga trolldeig. Til glede for store og små.

Vi har laga trolldeig. Til glede for store og små.

Sauene kjem til å få ei formidabel utsikt frå nyefjøset!

Sauene kjem til å få ei formidabel utsikt frå nyefjøset!

Anna søv...

Anna søv…

Tre veldig gode vener...innimellom!

Tre veldig gode vener…innimellom!

Og med det takker eg for følget denne tysdagsføremiddagen…
Vonar det ikkje vert like lenge til neste oppdatering 😉

 

 

 

 

 

 

 

 

 

Ein tanke på “Det går ikkje akkurat unna…

Legg att eit livsteikn

Fill in your details below or click an icon to log in:

WordPress.com logo

Du kommenterer no med WordPress.com-kontoen din. Logg ut /  Endre )

Google photo

Du kommenterer no med Google-kontoen din. Logg ut /  Endre )

Twitter-bilde

Du kommenterer no med Twitter-kontoen din. Logg ut /  Endre )

Facebook-foto

Du kommenterer no med Facebook-kontoen din. Logg ut /  Endre )

Koplar til %s