Lite fengande overskrift

gjengen4I fare for å gjenta meg sjølv: Kan hende vert eg flinkare å blågge no frametter? 😉
Ei ørlita oppdatering trengs i alle fall…mykje har hendt sidan sist:

Ei lita oppsummering så langt i 2014:

  • November i barnehagen er også tid for skøytedag (okei då, vel og merke november 2013..litt forut for vår tid er vi jo her i familien, men det får vere måte på), .
    Kvar torsdag gjennom heile skøytebanesesongen tek 4- og 5-åringane ut på skøyter.
    Ein torsdag i november fekk til og med mor sjølv løyve til å vera med.
    Stor stas for liten og stor…
    Anna likte best å sitje med ein kopp kako og kjeks, og Anders likte seg best i horisontalen.
  • Snøen kom også i november, og den brukte vi til å ake på (det er vel det som er mest vanleg, er det ikkje?).
    Det gjekk litt tregt med mor sitt Pelle Politibilakebrett frå 1994, så dermed kom gummibåtane frå Europris til god nytte. Dei har vi hatt mykje moro med, trass max 45 kg-grensa dei opererer med.
  • Barnehagebilete vart knipsa i slutten av november litt snikreklame for Kalleklev foto er vel lov?
    Martine hadde same mina på alle bilete, men dei to andre var seg sjølv lik.
    Er det rart vi er superstolte?
  • Anna vart 4 år 19.desember, og jenta har vore elektrisk sidan.
    Mor laga sjokoladekake (for å få ungane enno meir elektrisk), og med eit lite fyrverkeri på toppen var det stas for liten og stor.
  • Veggane på fjøset tok form i starten av desember.
  • Takstolane kom i midten av desember.
  • Stormane kom også i midten av desember. Særs god planlegging.
  • Arne fekk ei flis på auga som ikkje ville ut før tre dagar etter.
    Dette resulterte i ein blind mann i tre dagar – lapp på auga – sjukemelding frå jobb og heim.
  • Takstolane vart ikkje ferdig «bladd ut» før i slutten av desember, men no er dei på plass! 🙂
  • Mor opna heile tre sjokoladar (vel og merke ikkje alle til berre meg…skuldar litt på arbeidsfolket også!) frå Freia der ei ruta har mangla.
    Ho såg sitt snitt til å få enno fleire sjokoladeplater i hende, og sende dermed mail til Freia.
    Det heile skulle vise seg å ende i tragedie. Det var visst ei meining med den manglande ruta….og mor fekk ingen sjokolade!
    SKUFFANDE, FREIA!

  • Julaftan kom 24.desember (i år óg), og då vart også Anders og Martine elektriske.
    …hadde vi berre kunna utnytta energien!
  • Nyttårsaftan var det tid for å gå nyttårsbukk, som i fjor vart til julebukkar.
    Koreografien var nøye planlagt frå borna si side:
    Anders framførte ei juleregle med rørsle (som dei har lært i barnehagen), og Anna akkompagnerte så fint på den nye trompeten hennar. Martine stod og såg skjønn ut, og dermed resulterte det i ei gedigen snopeskål, og vi har godteri til Martine sin 3-årsdag i juni!

…puh…

Det var mykje på ei gong.
No kjem bileta!

Fine Anders'en vår!

Fine Anders’en vår!

Fine Annamor!

Fine Annamor!

Martine, den fine! Litt småskeptisk, kanskje, men likavel fin!

Martine, den fine!
Litt småskeptisk, kanskje, men likavel fin!

Anders i horisontalen på skøytebanen.

Anders i horisontalen på skøytebanen.

Anna med kako og kjeks.

Anna med kako og kjeks.

...men han kan gå på skøyter også..om han berre vil...

…men han kan gå på skøyter også..om han berre vil…

Mor sjølv. Og HJELM må me ha...

Mor sjølv.
Og HJELM må me ha…

Snø = aking

Snø = aking

Alternativt akebrett.

Alternativt akebrett.

Gravemaskin på plass for å leggja inntil muren.

Gravemaskin på plass for å leggja inntil muren.

 

Ein vegg (og to) vert til.

Ein vegg (og to) vert til.

 

Takstolane snart på veg...

Takstolane snart på veg…

 

Litt overheng?

Litt overheng?

 

HMS i høgsetet...fotografen held i alle fall avstand!

HMS i høgsetet…fotografen held i alle fall avstand!

 

Takstolane er produsert på landet..."LØA", stod det på dei då dei kom. Passande.

Takstolane er produsert på landet…»LØA», stod det på dei då dei kom. Passande.

"Den halte leier den blinde", kallar eg dette biletet.  Forstå det den som kan...

«Den halte leier den blinde», kallar eg dette biletet.
Forstå det den som kan…

 

1 skuffelse

1 skuffelse

 

2 skuffelse

2 skuffelse

 

3 akuffelse

3 akuffelse

Godt dokumentert, ja…

Sjokoladekake til spent 4-åring!

Sjokoladekake til spent 4-åring!

 

Hovupersonen.

Hovupersonen.

 

Litt skummelt...

Litt skummelt…

 

Høg på livet 1

Høg på livet 1

 

Høg på livet 2

Høg på livet 2

 

Høg på livet 3

Høg på livet 3

 

Tre fine nyttårsbukkar klare til innsats.

Tre fine nyttårsbukkar klare til innsats.

 

Full uttelling?

Full uttelling?

 

Mesterverket her til gards for tida!

Mesterverket her til gards for tida!

Då gjenstår det for meg å seia:
Takk for 2013 – skriv truleg også i 2014 😉

 

 

 

 

 

 

 

 

 

 

Legg att eit livsteikn

Fill in your details below or click an icon to log in:

WordPress.com logo

Du kommenterer no med WordPress.com-kontoen din. Logg ut /  Endre )

Google photo

Du kommenterer no med Google-kontoen din. Logg ut /  Endre )

Twitter-bilde

Du kommenterer no med Twitter-kontoen din. Logg ut /  Endre )

Facebook-foto

Du kommenterer no med Facebook-kontoen din. Logg ut /  Endre )

Koplar til %s