Januar er forbi, kvar er mine ski?

Ein relativt forblåst og tørr januar er ved veis ende, lite snø har vist seg, men den lille snøen som kom for nokre veker sidan var nok til  at ungane fekk prøvekjørt sine nye akebrett.
Akebrett plar vere ein sikker vinnar som julegåve til små born, og våre var inga unntak…
Kjekkast gåva julekvelden, men også den som brakte med seg mest skuffingar!
Dessverre var snøfallet lite, og aketuren kort – dermed ingen bilete for å dokumentera.
Men vi har då dokumentert andre ting som har skjedd i januar:

På byggesida har det gått ein del i småarbeid. Alle veggar er på plass, spikerslaga er ok, og plating av veggane er godt i gong. Kjekt å sjå framgang, men Arne er noko stressa med tanke på tida.
Odd tar det med ro – nokon arbeider klart best under press 😉

Elles har januar brakt med seg litt småsjuke born.
Anders starta det nye året med Skarlagensfeber. Tradisjonen tro.
Dette gjorde han for eitt år sidan også, så dette kan vi.
Ein antibiotikakur var det som skulle til for å ta knekk på det, men kort tid etter var det øyreverken som var verst.
Øyrebetennelse på begge øyrer, og ny antibiotikakur.
Både Anna og Martine har vore forkjølte, men mor og far har holdt seg nokonlunde på beina.

Januar har også brakt med seg rom for oppussing.
Anna sitt rom er vorten prega av rosa. Ein rosa draum såg dagens ljos, og jenta er meir enn gjennomsnittet nøgd.
Elles har lekerommet også fått ein liten «makeover». Arne ristar på hovudet. Mor er særs nøgd (alt ved normalen, altså).

Andre veka i januar fekk mor prøvd seg som mjølkebonde på heiltid.
Morgon og kveld er hardt, altså!
All respekt til dei som driv med dette kvar einaste dag heile året – for at eg skal få glaset mitt med mjølk til frokost og kvelds…og kanskje óg litt for at eg skal få matfløyte, rømme, yoghurt, ost, smør, og alt anna vi kan hente frå den kvite vidundervæska! 🙂

Forsterteljing på sauene var eit høgdepunkt også i år.
68 av 69 sauer med lam.
135 lam i vente.
Sa nokon travelt, men gøy?

No nærmar helga seg, og vi ser fram til ei helg utan andre planar enn å vere med farmor & farfar (mamma&pappa/svigermor&svigerfar), plate veggane, gå på café (vel og merke ikkje så langt…tenkte oss berre opp i 2.etasjen) og slappe av. Så får vi sjå kor mykje av dette som vert oppfylt.

Juice lagar vi sjølve...

Juice lagar vi sjølve…

Martine prøvde seg som kokke ein kveld i samband med kveldsmaten.

Martine prøvde seg som kokke ein kveld i samband med kveldsmaten.

Anna, mamma og Marit på IKEA for å ete lunsj...

Anna, mamma og Marit på IKEA for å ete lunsj…

Særs nøgd!

Særs nøgd!

Sliten-Martine. Småtrøytt, småforkjøla. Godt med ein bonde som kan halde.

Sliten-Martine. Småtrøtt, småforkjøla. Godt med ein bonde som kan halde.

Her skal det teljast!

Her skal det teljast!

Alle i arbeid (bortsett fra ho som dokumenterar?)

Alle i arbeid (bortsett fra ho som dokumenterar?)

Effektiv mann til gards. Litt i overkant av 1 time gjekk frå han kom til han reiste att.

Effektiv mann til gards. Litt i overkant av 1 time gjekk frå han kom til han reiste att.

Bygg på gong!

Bygg på gong!

Det blir stort! Og enno er ikkje silooverbygget oppe.

Det blir stort!
Og enno er ikkje silooverbygget oppe.

Tre gode vener.

Tre gode vener.

Magisk augneblink.

Magisk augneblink.

Nokon har lurt seg inn i mamma og pappa si seng...men fine er dei!

Nokon har lurt seg inn i mamma og pappa si seng…men fine er dei!

Puh...

Puh…

Rosarom

Rosarom

og enno meir rosarom

og enno meir rosarom

Og sist, men ikkje minst: Caféopninga på Fjelltveit!

Og sist, men ikkje minst: Caféopninga på Fjelltveit!

Legg att eit livsteikn

Fill in your details below or click an icon to log in:

WordPress.com logo

Du kommenterer no med WordPress.com-kontoen din. Logg ut /  Endre )

Google photo

Du kommenterer no med Google-kontoen din. Logg ut /  Endre )

Twitter-bilde

Du kommenterer no med Twitter-kontoen din. Logg ut /  Endre )

Facebook-foto

Du kommenterer no med Facebook-kontoen din. Logg ut /  Endre )

Koplar til %s