Sa nokon lettvint?

Mange av de som les bloggen vår er vel meir enn klar over at ein av, og kanskje den største av grunnane til at ny fjøs er på veg opp er fordi den vi opererer med i dag er gamal og grå…(strengt tatt er den vel raud…)!

Det gamle er ofte eldst, men ikkje dermed alltid best…

Ein av tinga som er særs tungvint i den gamle driftsbygninga er fôrlagringa. Eller forsåvidt ikkje sjølve lagringa, for den er god, men når lageret ligg fleire titalls meter frå sjølve fjøset seier det seg sjølv at det vert tungvint. Så, for å gjera det lett har Arne laga ein kasse som kan fraktast med traktor og pallegaffel. Kassen vert frakta til dei to tårnsiloane våre som er i aktivitet, og derfrå går alt som ein draum: Siloen må heisast med krane, då det ikkje finst noko overbygg eller silotalje i næraste omkrins. Kranen vert drive av kraftuttaket på traktoren.

20140204-152809.jpg

Når traktoren og akslingen er kopla på er det jo «berre» til å manøvrere kranen, slå i siloklypa og få fôret på plass i kassen. Går som ein leik, men du og du så tungvint.

20140204-153024.jpg

20140204-153034.jpg

20140204-153050.jpg

Er fôret på plass i kassen må sjølvsagt kraftuttaksakslingen koplast frå att, kassen må på pallegaflane, og fôret må opp att i fjøset.

20140204-153241.jpg

20140204-153250.jpg

Gjer døra høg…porten er forsåvidt vid nok – til dette bruk!

Lasset på veg inn.

Men litt lita klaring på bakluka, så den må att:

20140204-153450.jpg

Herfrå er det høygaffel og trillebår som gjeld, og dermed kan ein vel konkludere med ein ting: Det skal verta ein fryd å få frigjort meir tid som kan brukast til anna arbeid når ein kjem i det nye fjøset! Slik ser forresten det ut om dagen:

Ein tanke på “Sa nokon lettvint?

Legg att eit livsteikn

Fill in your details below or click an icon to log in:

WordPress.com logo

Du kommenterer no med WordPress.com-kontoen din. Logg ut /  Endre )

Google photo

Du kommenterer no med Google-kontoen din. Logg ut /  Endre )

Twitter-bilde

Du kommenterer no med Twitter-kontoen din. Logg ut /  Endre )

Facebook-foto

Du kommenterer no med Facebook-kontoen din. Logg ut /  Endre )

Koplar til %s