Ein månad att…

Overskrifta kan tydast på meir enn ein måte. Det er omlag ein månad til lamminga set i gong for fullt her til gards.
Og som mange av dykk allereie er klar over har det gått ein månad sidan førre innlegg frå meg.
Då er det på høg tid med oppdatering…Mor i huset runda 30 i slutten av februar, og det vart sjølvsagt markert på høveleg vis.
Skilt i tunet (pappa/morfar ordnar slikt..han er jo i skiltbransjen), jegergryte på kok, kaker i kjøleskap, og ikkje minst fest og basar. Kva meir kan ein ynskje seg? Jo, gode vener i fine klede…fred på jorda, og snille born (vel og merke ikkje i prioritert rekkefølge).
Nesten alt vart oppfyld!

Skiltet stod der dagen derpå også...

Skiltet stod der dagen derpå også…

Med det nye fjøset går det framover. Taket er tett. Det er jo eit stort pluss i boka.
Om vi kjem i hus til lamminga startar gjenstår å sjå. Ein annan ting er om vi vil det.
Det er ikkje bra for dyra å kome ned i ein heilt steril fjøs i lamminga. Den opprinnelege bakteriefloraen er ikkje i fjøset, og dyra kan lett få sjukdomar. Særskild lamma. Skal vi flytte dei inn før lamming må vi i alle fall «grise til fjøset» med møkk fra gjødselskjellaren som er i bruk. «Den som lever får sjå», brukar eg å seia…

Fjøset sett nedanfrå...

Fjøset sett nedanfrå…

For litt sidan måtte eg mota meg opp og gå ned i gjødselkjellaren. Litt vatn har samla seg etter månader utan tett tak, men no når taket er tett må vatnet vika, og kjellaren kostast. Har heldigvis investert i ei enkel dykkpumpe på Biltema, og den tømde kjellaren kjapt som bare det!

God lunsj i nyefjøset må til av og til...

God lunsj i nyefjøset må til av og til…

Elles er der jo alltid nokre småtroll som vil visa seg fram for kameraet:

Anna elskar brillene mine - og å lage grimasar!

Anna elskar brillene mine – og å lage grimasar!

Denne frøkna kunne gjort seg i ein klasse i grunnskulen...

Denne frøkna kunne gjort seg i ein klasse i grunnskulen…

 

Bonden sjølv...

Bonden sjølv…

Fredag og laurdag som var emigrerte mor til Voss. På Park hotell hadde Hordaland Bondelag sitt årlege Årsmøte, og kjekke dagar der er no lagt bak seg. Ein noko amputert debatt fekk eg med meg (einaste Terje Breivik frå Venstre som stilde. Deler av Høgre var vêrfast i Alta), ei engasjert Kari Traa, gode samtalar og god mat. Mor fekk fornya tillit til å sitja i fylkesstyret, og ser med glede fram mot eit nytt Bondelagsår.
Far tok ungane med seg til farmor og farfar i Ølensvåg – til glede for liten og stor!

Terje Breivik med gode ord til utsendingane.

Terje Breivik med gode ord til utsendingane.

 

Debattpanelet m/ordstyrar på venstre kant.

Debattpanelet m/ordstyrar på venstre kant.

Og til sist, eit lite glimt frå dei nyklipte, ventande.
Deilig å få ulla av – tek litt mindre plass i bingane, og det kjem godt med i eit «overfylt» fjøs.
Vi går spanande tider i møte…

Nyklipt og fin.

Nyklipt og fin.

Godt med mat!

Godt med mat!

 

2 tankar på “Ein månad att…

  1. Godt det ikke bare er jeg som blogger sporadisk;) vi får motivere hverandre.
    Lurer på hvor dyp gjødselkjelleren i nyefjøset er. Vet at i kufjøs må det være gasslås hvis kjelleren er dypere enn 150 cm, men det gjelder kanskje ikke på sau?

Legg att eit livsteikn

Fill in your details below or click an icon to log in:

WordPress.com logo

Du kommenterer no med WordPress.com-kontoen din. Logg ut /  Endre )

Google photo

Du kommenterer no med Google-kontoen din. Logg ut /  Endre )

Twitter-bilde

Du kommenterer no med Twitter-kontoen din. Logg ut /  Endre )

Facebook-foto

Du kommenterer no med Facebook-kontoen din. Logg ut /  Endre )

Koplar til %s