I føljetongen «Sa nokon lettvint», kjem her no eit innlegg om gjødselhandteringa hjå oss:
Vi driv per dags dato i eit fjøs som fyrste gong var bygt på tidleg 1920-talet, og siste gong påbygt tidleg 1970-talet.
Gjødselhandteringa er ikkje oppdatert, og vi opererer med fastgjødsel. Slik har det jo alltid vore.
Gjødselkjellaren som er under «kufjøset» og «grisehuset» (der det no står sau) kan ein køyre inn i med traktor. Vel og merke traktor utan hytte, eller den supre AEBI’en vår (TP1000, for dei mest interesserte).
I sauefjøset må ein spa møkka ut for hand når våren kjem og sauene er ute på beite.
Når deler av vinteren er forbi er kjellaren rimeleg full. Det resulterer i at eg ein gong eller to i veka må ta på meg vadestøvlane og gå på tur…i gjødselkjellaren. Lurar du på korleis det ser ut?
Og så spar eg då…ei lita stund.
Godt for kropp og sjel, seier nokon. Eg veit ikkje heilt, eg…
Når eg då kjem opp att i fjøset ventar det meg nok ein måkejobb. Dei sauene som ikkje går i «sauehuset» (les meir om kva for eit rom som er kva her) må det nemleg måkast under for at gjødsla skal koma ned i kjellaren.
Dette bør gjerast omlag annakvar dag….Dersom ikkje vert det tungt arbeid å ta att!
Så får vi sjå om det kjem ein del 3 i føljetongen.
Litt av en møkkajobb ditta der, men det må vel til. Kjente lukta når eg las, hihi. Dokke e dyktige
De er flinke! Kjekt med ny fjøs!