Driftsbygningane

Driftsbygningen som fyrste gong var bygt i 1922 var eit ganske tradisjonelt Vestlandsfjøs som var meint å skulle romme reiskap, dyr og fôr til dyra gjennom året.

I gang med utbygging av fjøset, tidleg 70-talet.

I gang med utbygging av fjøset, tidleg 70-talet.

Etterkvart som produksjonen på garden aukte, vart bygget også utvida.
Då det siste gong var utbygt (1972) bestod fjøset av fleire rom:
Mjølkerom, fôrsentral, sauehus, kufjøs, grisehus, låve.
Utanom dette var der også hønsehus like ved.

Kufjøset vart utvida på 60-talet.

Kufjøset vart utvida på 60-talet.

I kufjøset var der båsplass til 10 dyr.
Mjølkekvoten var på omlag 40 tonn då den vart lagt på is på starten av 2000-talet.

I grisehuset var der somme tider berre griser, medan det andre tider var både ungdyr og gris i kvar sine bingar.
Lenge vart det drive puljedrift med purker som yngla, og deretter smågris som vart fôra fram til dei var slakteklare, men etterkvart som åra gjekk vart purker erstatta med innkjøp av smågris som vart fôra fram til slakt.

I sauehuset var der for det meste sau, mellom 20-25 vinterfôra. Det vart trappa ned med sau midt på 90-talet, og då vart rommet også brukt til slaktegrisane. På det meste vart der levert opp imot 500 slaktegris i året her på bruket (då Odd & Kari dreiv).

Driftsbygningane sett frå nedsida.

Driftsbygningane sett frå nedsida.
70-talet.

Hønsehuset (som var bygt på 60-talet) hadde høner i 2.etasjen, og 1.etasje har mellom anna vore brukt både til gris og ungdyr (vel og merke ikkje samstundes).

På nedsida av hønsehuset. Bygt på 60-talet, ser ein til høgre i biletet.

På nedsida av Hønsehuset frå 60-talet.

I 1986/87 var det Odd & Kari som dreiv, og bruket vart enno meir utvida.
Denne gong var det kombinert reiskapsskur og nytt hønsehus som vart oppført.
Hønene var, også her, i 2.etasje av bygget, og der var bur som kunne romme omlag 1500 verpehøner.
Dette var ein del av drifta fram til nyttår 2003/2004.
I 1.etasje er det plass til reiskap, verktøy, samt av og til rom for å skru på ein traktor (eller to), og kan hende ein bil også?

I dag er vi i gong med å bygge ny driftsbygning på garden.
Eitt bygg rekna til omlag 180 vinterfôra sau er under oppføring, og meir om dette prosjektet kan du lese om her.

Til slutt litt bilete frå ei svunnen tid.

Kvilhaug sett frå aust.

Kvilhaug sett frå aust.
Seint 70-tal.

Kvilhaug sett frå vest.

Kvilhaug sett frå vest.
Seint 70-tal.

AEBI TP1000 var godt framkomstmiddel på garden. Den lever den dag i dag.

AEBI TP1000 var godt framkomstmiddel på garden.Den lever den dag i dag.

Våningshuset på 60-talet.

Våningshuset på 60-talet.

Ein tanke på “Driftsbygningane

  1. Tilbakeping: Sa nokon lettvint 2? | Fjelltveit

Legg att eit livsteikn

Fill in your details below or click an icon to log in:

WordPress.com logo

Du kommenterer no med WordPress.com-kontoen din. Logg ut /  Endre )

Google photo

Du kommenterer no med Google-kontoen din. Logg ut /  Endre )

Twitter-bilde

Du kommenterer no med Twitter-kontoen din. Logg ut /  Endre )

Facebook-foto

Du kommenterer no med Facebook-kontoen din. Logg ut /  Endre )

Koplar til %s