Sauefjøset

Etter å ha bygga om store deler av den gamle driftsbygninga for å få plass til sauene våre frå år til år, er endeleg draumen om eit moderne og rasjonelt sauefjøs i gong.

Historia skriv seg attende til den gong Odd & Kari dreiv garden og ynskte å byggja nytt, den gong lausdriftsfjøs mjølkekyr. Midten og slutten av 90-talet var ei hektisk tid med både planlegging, teikningar fram og attende, søknadar, og ikkje minst grunnarbeid.
Odd bygte gjødselkjellar og siloar, laga veg til nyefjøset, mura, og var klar til å støype dekket på gjødselkjellaren. Dei åra byggeprosjektet var i gong, var det også mykje som hende i samband med dei årlege Jordbruksavtalane. Dei var ikkje særleg til oppmuntring for ein mjølkebonde på denne kanten av Vestlandet, og då det var mykje lån knytt opp mot nybygget som var på veg opp, turde ikkje Odd & Kari å satsa heile vegen. Bygget kunne ikkje lenger forsvarast med inntektene på bruket, og prosjektet vart lagt på is.
Den gong var det både surt og tris å måtte gi seg halvvegs, men i dag er vi glade for det.

Siste ring på siloane er støypt.

Siste ring på siloane er støypt.

Planering og "rydding" på nedsida av gjødselkjellaren.

Planering og «rydding» på nedsida av gjødselkjellaren.

Ferdig gjødselkjellar.

Ferdig gjødselkjellar.

Siloar "tett-i-tett" med gjødselkjellaren.

Siloar «tett-i-tett» med gjødselkjellaren.

Bileta over er frå slutten av 90-talet då grunnarbeidet vart gjort ferdig.

Då vi overtok drifta i 2010 var vi einige om å starte «frå bunn», med sau.
Vi hadde begge arbeid utanom gardsdrifta, men hadde (og har) eit håp om at vi skulle kunne klare å få det til å gå rundt økonomisk ved at ein av oss driv garden utan å ha arbeid ved sidan av.
Bodhild har gått Jordbruksskule (vel og merke ikkje Agronom, men Naturforvaltning), og har frå ho var ganske lita hatt eit ynskje om å vere bonde av yrke, og dermed er det også ho som (vonleg) skal drive.
Det er vel heller ikkje til å stikke under ein stol at Arne tener best av oss to, og slik det er å vere bonde i dag treng vi ei stabil og god inntekt ved sidan av (kall det gjerne idealisme).

Det Odd & Kari hadde starta på stod framleis på same staden (tru det den som kan), og då var det å starte med teikningar, idear, mål, og ikkje minst søknadar.
Til Bergen kommune måtte det søkast om byggjeløyve att då det gamle var forelda.
Etter litt om og men fekk vi til svar at vi også måtte søkje Vann- og avløpsetaten grunna sanitæranlegget vi også må ha i bygget. Tidlegare har dette vore greitt å sleppe direkte i gjødselkjellaren, og dermed har ein sluppe unna denne etaten og søknaden, men no var det nye reglar.
Er visst mykje smitte og bakteriar ein ikkje vil ha ned i ein gjødselkjellar. Forstå det den som kan, men slik var det no.
Vi søkte Innovasjon Norge om tilskot og rentestønad. Begge deler vart innvilga, og glad var (og er) vi sjølvsagt for det.
Og, ikkje minst, det måtte søkjast om lån i banken.

Reime Agri AS sin prosjektleder på sau, Anders Konglevoll var ein av dei som fekk oss vekk frå tanken om eit ganske tradisjonelt sauefjøs, og over til eit moderne og (kan hende) nyskapande eitt.
No er endelege teikningar ferdige, og med god hjelp frå Leigland bygg er også fasadeteiknar og teikningar på takstolane (kven hadde tenkt at ein trong eigne teikningar for slikt??) i boks.

Planteikning av bygget. Klikk på biletet for å få det større.

Planteikning av bygget.
Klikk på biletet for å få det større.

Fasadeteikning oppsida av fjøset.

Fasadeteikning oppsida av fjøset.

Fasadeteikning nedsida av fjøset.

Fasadeteikning nedsida av fjøset.

Fasade frå sør mot nord.

Fasade frå sør mot nord.

Fasade frå nord mot sør.

Fasade frå nord mot sør.

Dette skal vere eit kaldfjøs, og difor enda vi opp med golv frå Reime. Premium plastrist skal gi eit lunt liggjeunderlag, og vi kombinerer det med strekkmetallrister framfor eteplassane (for vonleg å få slitt klauvene til sauene litt).

I tillegg skal vi ha fôrkassar til surfôret, desse også levert av Reime. Ved hjelp av talgje på skjener i taket, kan vi heise fôret direkte frå siloane og inn i fôrkassane. Frontane på kassane er festa på hjul slik at dei vert flytta fram etterkvart som fôret vert eten opp.
Høgda på eteopninga kan regulerast, alt etter kor mykje surfôr det er i fôrkassen.
Kassane våre skal vere på 4,2 m (lengda) x 1,6 m (breidda på maks).

For å utnytte arealet i fjøset mest mogleg, skal vi ha kraftfôrautomatar i fjøset. Automatane har vist seg å passe godt ilag med fôrkassane, og sjølv om det er eit relativt nytt innslag i norske sauefjøs vonar vi at dette skal vere stor suksess. Korleis automatane verkar kjem vi attende til i seinare innlegg.

Av andre tekniske finesser kan det også nemnast at fjøset skal ha drikkeniplar særskild berekna for sau. Fordi nippelen har ein flat trykknapp på oversida, resulterer dette i mindre vassøl og eit tørrare miljø for sauene.
Der skal vere ei sirkulasjonspumpe til vatnet som resulterer i at vatnet alltid held ein viss temperatur (t.d. 10 grader).

I nordenden av fjøset kjem fasilitetane på rekkje og rad.
Smittesluse, dusj og toalett, garderobe/vaskerom samt vaktrom.
I lemminga kjem nok vaktrommet til å verta mykje brukt. Vi reknar med den skal installerast med seng, kaffetrakter og stort vindauge med oversikt over det som skjer i sjølve fjøset.
I tillegg skal der sjølvsagt vere datamaskin som er kobla opp mot både kraftfôrautomatane og internett.
Via internett får vi god tilgang til alle data når det gjeld sauene våre, då vi er med i Sauekontrollen gjennom Animalia.

Vi gleder oss til fortsetjinga.
Det skal verta spanande, men litt skummelt er det også…

Ein tanke på “Sauefjøset

  1. Hei. Spennende å lese dette blogg-innlegget. Hvor mange vinterfora sauer har dere plass til i denne fjøsen? Hvor lang, brei er fjøset?

Legg att eit livsteikn

Fill in your details below or click an icon to log in:

WordPress.com logo

Du kommenterer no med WordPress.com-kontoen din. Logg ut /  Endre )

Google photo

Du kommenterer no med Google-kontoen din. Logg ut /  Endre )

Twitter-bilde

Du kommenterer no med Twitter-kontoen din. Logg ut /  Endre )

Facebook-foto

Du kommenterer no med Facebook-kontoen din. Logg ut /  Endre )

Koplar til %s