Historia

For å starte med starten:
Fjelltveit var for lenge sidan ein gard som lenge berre heitte Tveit.
Tidleg på 1700-talet finn ein døme der enkelte skrivarar også bruket ordet fjell. Dette gjorde dei for å skilje mellom Fanagardane Storetveit, Lilletveit og Fjelltveit, som alle heitte Tveit på den tida.
På 1800-talet var det mest vanleg å bruke det samansette ordet, og i dag er den offisielle namneforma Fjelltveit.

Utsikt frå søraust og innover Hauglandsdalen

Utsikt frå søraust og innover Hauglandsdalen

Garden Fjelltveit (bruk nr.1) høyrde til Lyseklostergodset frå mellomalderen og til 1874.
Fram til slutten av 1500-talet var Fjelltveit ein såkalla øydegard, som så mange andre av gardane i dalføret vårt.
Lyseklostergodset var eigar, og frå omlag 1600-1620 var der ein brukar (altså ein som dreiv garden på vegne av Lysteklostergodset).
Frå 1620-1675 var der to brukarar (med familiar), og frå 1675-1768 var der som regel tre brukarar, etterkvart gjekk det attende til å vere to brukarar fram til 1875.
I 1874 vart garden kjøpt for 1630 spesidaler av brukarane.

Deler av Fjelltveit.  Bruk 4 til venstre, bruk 1 nede til høgre, bruk 5 bakarst til høgre. I starten var det våningshuset til bruk 4 som var gardstunet på Fjelltveit, bruk 1.

Deler av Fjelltveit.
Bruk 4 til venstre, bruk 1 nede til høgre, bruk 5 bakarst til høgre.
I starten var det våningshuset til bruk 4 som var gardstunet på Fjelltveit.

Rasmus Brigtsen Fjelltveit (Bodhild sin tipp-tippoldefar) kjøpte bruk nr.1 på Fjelltveit i 1875. Før dette var det far hans som hadde vore ein av brukarane.
I 1897 delte Rasmus bruket sitt, og då kom bruk nr.5 (Brigtane) inn i biletet. Tippoldefar til Bodhild, Brigt Rasmussen Fjelltveit dreiv dette bruket i mange år saman med kona, Kari, som han også fekk fire born med. Ein av desse var oldefar, Ola Brigtsen Fjelltveit.
Med Ola kjem også garden vår, Kvilhaug inn i historia, som bruk nr. 7 på Fjelltveit.
Dette resulterte i at der i alt var 4 bruk på Fjelltveit i 1922:
Bruk nr.1: Tinane
Bruk nr.2: Hauane
Bruk nr.5: Brigtane
Bruk nr.7: Kvilhaug
På 1960-talet var der fem gardsbruk på Fjelltveit (1 – 2 – 4 – 5 – 7).

Bruk nr.7 - Kvilhaug på 1970-talet.

Bruk nr.7 – Kvilhaug på 1970-talet.

KVILHAUG – Stølen
Bodhild sin oldefar, Ola Brigtsen Fjelltveit,var son nr. 2 i ein syskenflokk på 4.
Han fekk (jf. Fana bygdebok frå 1984) skøyte på eit utskild areal frå utmarka til bruk nr. 5 (Brigtane) av far sin, (Brigt Rasmussen Fjelltveit) i 1922, for 1000 kroner.
Daglegnamnet på bruket var Stølen, og i 1979 var her 37 mål dyrka jord, 127 mål skogareal og 10 mål anna.

Ola var ein driftig kar, og han dyrka opp bruket (for hand) saman med kona Kristina (fødd Dalland).
I tillegg fekk dei seks born: Klara, Magda, Olaug, Bjarne, Hans og Kjellaug.
I Fanaboka frå 1933 står Ola oppført som nybyggjar på bruk 7 sidan 1920.
Han dyrka kring 20 mål, og vart nemd i boka saman med mange andre framifrå jorddyrkarar i Fana.
«Me veit og at det sume tider skal like mykje, ja meir arbeid til for å dyrka eit lite stykke sume stader, enn det skal til for å dyrka ei stor vidde andre stader. Det skil seg korleis lendet er der som arbeidet vert gjort…dei har alle vore med og «en provins til landet lagt.»» (henta fra Fanaboka frå 1933)

Ola B. Fjelltveit (midten bak) saman med kona Kristina, og dei seks borna deira.

Ola B. Fjelltveit (midten bak) saman med kona Kristina, og dei seks borna deira.
Våningshuset på Kvilhaug i bakgrunnen.

Bjarne, odelsguten, overtok bruket etter far sin i 1956.
Han gifta seg med nabojenta, Alis Ruth Fjelltveit, og saman fekk dei borna Liv, Kari, Odd og Trond.
Medan Bjarne dreiv vart drifta også utvida.
Fleire dyr gjorde krav på meir plass, og det resulterte i at hovuddriftsbygningen siste gong vart utbygd i 1972.
Då bestod fjøset av fleire rom:
Båsdelen, der kyrne stod.
Stallen, der ungdyra var.
Grisehuset.
Sauehuset.
Utanom dette var der også bygt eit eige hønsehus like ved.

Odd gifta seg med Kari Anita (fødd Birkeland), og dei overtok drifta av garden i 1981.
Dei har borna Hildegunn, Bodhild og Lars.
Odd utvida også drifta, og bygde kombinert reiskapsskur og hønsehus i 1987.
Hønsehuset var berekna til 1500 verpehøner i bur, og i mange år var det Bjarne og Alis som hadde denne delen av drifta. I tillegg til dette auka også antal dyr i fjøset, og med det vaks tankane om heilt ny, funksjonell og rasjonell driftsbygning fram. Teikningane på lausdriftsfjøs med mjølkestall kom på bordet, og byggeprosessen var i gong.

Fjelltveit anno 1999.

Fjelltveit

Det skulle omsider visa seg at viljen var der, men ikkje økonomien.
Byggeprosessen vart sett på vent, men drifta gjekk sin gang vidare.
I 2002 vart derimot mjølkekvoten lagt på is, og Odd fortsette med ammekyr, gris og høner.
Etterkvart vart det trappa ned både på storfesida og verpehønene.

Bodhild gifta seg med Arne (fødd Fosse), og dei overtok garden i 2010.
Då var det nokre slaktegris att i fjøset.
Dei har borna Anders, Anna og Martine.
Saman ynskjer dei å satse på sauehald, og i dag er dei godt i gong med eit nybygg (på tomta der Odd tidlegare var godt i gong med lausdriftsfjøset) til omlag 180 vinterfôra sau.

Bruk nr.7, Kvilhaug er ikkje eit stort bruk:
28 daa fulldyrka mark
7 daa overflatedyrka mark
10 daa innmarksbeite
123 daa skog av ymse slag.
I tilegg til denne jorda paktar vi også bruk nr.1, bruk nr.2 og bruk nr.50 på Fjelltveit.

3 tankar på “Historia

  1. Tilbakeping: Ei lita historietime? | Fjelltveit

  2. Tilbakeping: Fann ikkje side | Fjelltveit

  3. Hei!

    Jeg er etterkommer av Engel Thomassen Fjelltveit og Pernille Kristine Larsdatter som bodde på Fjelltveit. Engel var selveiende gårdsbruker, og han og Pernille fikk en 10+ barn ref. folketellingene i 1900 og 1910.

    Har dere ytterligere informasjon her?

Legg att eit livsteikn

Fill in your details below or click an icon to log in:

WordPress.com logo

Du kommenterer no med WordPress.com-kontoen din. Logg ut /  Endre )

Google photo

Du kommenterer no med Google-kontoen din. Logg ut /  Endre )

Twitter-bilde

Du kommenterer no med Twitter-kontoen din. Logg ut /  Endre )

Facebook-foto

Du kommenterer no med Facebook-kontoen din. Logg ut /  Endre )

Koplar til %s