Om oss

Bodhild starta bloggekarriera si for mange, mange år sidan (nærare bestemt 2004?). I den tid heitte bloggen «Indremisjonsnytt«, og den starta nok som ein relativt useriøs blogg om vêr, vind og livet i Indremisjonen. Etter kvart som ungane såg dagsens ljos tok det seg opp med seriøsitet (likar vi å tru), men så gjekk det dessverre slik det måtte gå då den nye teknologien med blogging frå den supre iPhonen tok over:
iPhonen måtte på reparasjon, og lite tenkte Bodhild på at «logg alltid på» ikkje gjaldt etter at ny telefon ankom garden att… Kort fortald: Passord på vide veier, mange mislykka forsøk på å få tak i passordet att, ny blogg oppretta…i rein frustrasjon!

Men vi fortvilar ikkje, og tek med dette opp kampen om å bli årets Bygdebloggar i 2014! 😉

Namnevalet til bloggen var litt fordi Indremisjonsnytt var opptatt.
Og mest fordi garden vår heiter Kvilhaug.

I dag består bloggen av Bodhild, Arne, Anders, Anna & Martine Fosse Fjelltveit.
Vi bur på bygda:

  • Fem bussar om dagen, måndag til fredag, og skal du bort fredags kveld må du vente til måndags morgon med å kome heim att…(sa nokon Bybane i Bergen?)
  • Vi (trur vi) veit alt om naboen…og naboen trur nok han veit alt om oss også.
  • Ser du oss i vindauga med kikkert er det nok berre for å oppdatere oss på naboane.
    Lettare med kikkert enn å gå på besøk?

 

Arne & eg gifta oss 1.juli 2006, og sidan den gong har det vorten fleire av merkedagane.
Mellom anna vart vi velsigna med Anders 2.mai 2008, Anna 19.desember 2009, og Martine 18.juni 2011 :)

Bodhild er 30 år, og arbeidar til vanleg som borne- og ungdomsarbeidar på Nesttun bedehus.
I tillegg er ho med 70 vinterfôra sauer, 200 høner, og ein hund.
Hunden er den einaste av dei sistnemde med namn – Kara.
Arne er 29 år, og arbeidar som industrirørleggar hjå OneSubsea på Horsøy/Askøy.
Elles likar han å vere i skogen vinterstid, og då passar det godt at det ein «normal» vinterdag på Fjelltveit kan kome ned mot 10-15-20 kalde grader på stokken.

Vi er begge engasjerte, og likar å halde oss oppdaterte på det som skjer rundtom i verda til ei kvar tid.
Arne har ei særskild interesse for yrFinn og Tuntorget.
Her leitar han etter betre vêr, traktor og gravemaskin.
Elles kan du mellom anna finne oss på Nesttun bedehus, i Bergen Bondelag, Hordaland Bondelag og Bergen & Os Sau og Geit.

Biletet erfrå Anders sin dåpdag, 15.juni 2008.

Bodhild, Arne & Anders, juni 2008.

Vi er altså eigarar av eige hus m/tiløhyrande gard, og overtok heimegarden til Bodhild ved nyttår 2010.
Her trivs vi, og vert ikkje arbeidsledige med det første.

Fine Anna, desember 2009.

Fine Martine, fødd juni 2011.

Legg att eit livsteikn

Fill in your details below or click an icon to log in:

WordPress.com logo

Du kommenterer no med WordPress.com-kontoen din. Logg ut /  Endre )

Google photo

Du kommenterer no med Google-kontoen din. Logg ut /  Endre )

Twitter-bilde

Du kommenterer no med Twitter-kontoen din. Logg ut /  Endre )

Facebook-foto

Du kommenterer no med Facebook-kontoen din. Logg ut /  Endre )

Koplar til %s